Advertisement
NYTTÅRSHELG PÅ HAAHEIM GAARDNår det gamle året går mot slutten, skrur me klokka hundre år tilbake og inviterer til ei nyttårsfeiring inspirert av The Great Gatsby og dei glitrande 1920-åra.
Haaheim er pynta til fest med gull, fløyel, levande lys og Art Deco-detaljar. Finn fram finstasen, perlene og sløyfa – og bli med på tre dagar med gode smakar, bobler, varme opplevingar og akkurat passe mykje dekadanse.
30. DESEMBER – LET THE PARTY BEGIN
Ankomst og innsjekk frå ettermiddagen.
Om kvelden ønskjer me velkomen til bords med ein 3-rettars middag og gode smakar frå Haaheim.
Etterpå kan ein synke ned i loungen, bestille noko godt i glaset og nyte den første kvelden i vårt Gatsby-univers.
31. DESEMBER – NEW YEAR’S EVE
Etter frukost startar me dagen friskt med vinterbad og varm badstu for dei som vågar.
Seinare inviterer me til vår tradisjonsrike julelunsj, før det blir kaffi og småkaker i loungen.
På ettermiddagen blir det nyttårsquiz – og kanskje nokre små hemmelegheiter må løysast før kvelden kan begynne …
Kanskje finst det òg ei hemmeleg bar på Haaheim, gøymd bak ei bokhylle eller ei lukka dør? Her ventar små oppgåver, mystiske spor og utfordringar for dei som vågar å leite. Klarer de å finne vegen inn, løyse oppgåvene og avdekkje kva som skjuler seg bak dei hemmelege dørene?
Så er det tid for å finne fram finstasen.
Når lysa blir dempa, glasa fylte og Haaheim glitrar, inviterer me til kveldens høgdepunkt:
Ein 7-rettars nyttårsmiddag med sesongens beste råvarer, gode vinar og feststemning.
Etter middagen blir det kake og kaffi før me nærmar oss midnatt.
Så løftar me champagneglasa og tel ned dei siste sekunda av året.
3 – 2 – 1 … Happy New Year! 🥂
Med utsikt over fjord og fjell skålar me saman for det nye året.
1. JANUAR – THE MORNING AFTER
Start det nye året akkurat slik ein bør etter ein Gatsby-fest – med ein lang og roleg frukost på Haaheim før heimreise.
NYTTÅRSPAKKEN – 2 NETTER
To netter i dobbeltrom
Frukost begge morgonar
3-rettars middag 30. desember
Julelunsj 31. desember
7-rettars nyttårsmiddag
Vinterbad og badstu
Champagne når me skålar inn det nye året
Kr 5.200 per person i dobbeltrom
Enkeltromstillegg kr 900
NYTTÅRSPAKKEN – 1 NATT
Overnatting i dobbeltrom og nyttårsmiddag
Kr 2.800 per person
Enkeltromstillegg kr 500
KUN NYTTÅRSMIDDAG
7-retters nyttårsmiddag med champagne ved midnatt
Kr 1.690 per person
Velkomen til ei nyttårsfeiring litt utanom det vanlege.
Dress up. Drink champagne.
Dance into the New Year.
✨ NEW YEAR’S EVE AT HAAHEIM ✨
What happens at Haaheim, stays at Haaheim …
Advertisement
Event venue
Haaheim Gaard, Dalsvegen 182,Tysnes, Norway, Bergen
Tickets