Advertisement
Saman med Nordhordland, Bergen og Hordaland turlag og Naturvernforbundet i Nordhordland ynskjer Folkeaksjonen nei til Monstermaster visa fram nokre av natur- og friluftsverdiane i Statkraft sitt framlegg til trasé 1.0 for ny 420 kV høgspent mellom Samnanger og Øygarden. Turen byrjar i grenda Ådland på Holsnøy og går gjennom lynghei og utmark langs Storavatnet til parkeringsplassen ved Eldsfjellet dagsturhytte. Turen er omlag 5,5 km. og tek rundt 1,5-2,5 timar å gå.
Langs turen er det eit variert landskap. Småbruka på Ådland har eit særskilt fint kulturlandskap der dei ligg omkransa av bare haugar og fjell. Me går langs den gamle gardsvegen og vidare inn i utmarka på den gamle kvernavegen. I Ådlandsskaret og vidare mot Storavatnet jobbar lokale grunneigarar med restaurering av kystlynghei, og her går det snille gammalnorske sauer på beite. Stiar og tråkk snirklar seg gjennom små dalar, og ein kan få auge på gamle kulturminne langs ruta.
Ved Roparhøyen opnar landskapet seg opp, og ein får eit storslått utsyn over Storavatnet og Rylandsvassdraget, Gripakletten naturreservat og det mektige Eldsfjellet . Dette villmarksområdet er eit regionalt eldorado for padlarar og turgåarar. Det rike naturmangfaldet er vurdert til å ha veldig høg verdi, og store delar av området rundt Storavatnet og Rylandsvassdraget vart verna av Stortinget i 2005. Fjella som kringsett vassdraget er registrert som geologisk arv grunna si særskilde naturhistorie. Her går me vidare i hjortens rike gjennom open naturskog der det mellom anna veks svært gamle furutre. Turen endar ved foten av Holsnøys høgaste fjell, Eldsfjellet. Her vert det satt opp buss frå parkeringsplassen for retur til Flatøy terminal.
Bli med og marker motstand mot høgspentmaster i det største natur- og friluftsområdet på Holsnøy!
Oppmøte ved Flatøy terminal. Bussar går frå kl. 11:30
Bussar går i retur til Flatøy frå Eldsfjellet parkering frå kl. 14:30
07.09.26: Programmet er under utvikling og vert oppdatert!
Forsidefoto: Jan M Lillebø
Advertisement
Event venue
Flatøy terminal, Bergen, Norway
Tickets