Advertisement
Det er klart for naturkafé igjen, og denne gongen får me besøk av professor i geografi, fotograf og forfattar Anders Lundberg. Han fortel og viser bilete frå den nye boka si; «Kystlandskap». Bokkilden skriv dette om boka: «Kystlandskap er ei bok du blir sittende å bla i, for bildene er så vakre. Her er kysten slik vi lengter etter den, vi som bor litt langt unna frisk sjøsprøyt.»
15.oktober blir sjøsprøyten, vakre bilete og kunnskapsrik og engasjerande formidling teke med inn i Brislingen på Sunde. Dette, saman med litt kaffi, kake, musikk, og gjerne ein prat med trivelege sambygdingar, høyrest ut som ein komplett haustkveld.
Ta gjerne med naboen, familie og vener.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Naturvernforbundet i Kvinnherad og Sunde kyst-og litteratursenter.
Inngang: 50 kr for medlem. 100 kr for ikkje-medlem.
Her kan du lese meir om boka: https://www.bokkilden.no/kyst-og-kystlinjer/kystlandskap-anders-lundberg/produkt.do?produktId=221972581
Advertisement
Event venue
Sunde Kyst og Litteratursenter, Solbakken 9,Sunde, Hordaland, Norway, Bergen
Tickets