#StayHappening
Thu, 29 Oct, 2026 at 07:00 pm UTC+01:00

Mr Row, row, Ole Frøystad, til Herøy

  • Lisjebøvegen 1, Fosnavåg · Aalesund
Her\u00f8y Kyrkje Publisher / Host Herøy Kyrkje
Share
Mr Row, row, Ole Fr\u00f8ystad, til Her\u00f8y
Advertisement
Torsdag 29.okt blir det ein litt annleis torsdagskveld i Herøy kyrkje. Vi trur mange vil ha interesse av å oppleve samtalen mellom Ole Frøystad og ein samtaleleder frå Kveldsmessenemnda, men konseptet blir litt enklare i høve slik ei vanleg Kveldsmesse brukar å vere.
Det blir litt song i starten og mot slutten av samlinga, men det er samtalen med Ole Frøystad som er i fokus. Samtalen vil handle om livet og trua og særleg om at han vart kjendt under fotball-VM i sommar som mannen som er opphavet til roinga til fotballsupporterane!
Vi trur mange vil kome for å møte Ole Frøystad, sidan han vaks opp i Herøy, på Leinane. I Herøy kyrkje er det plass til veldig mange. Familien flytta sørover og slo seg etterkvart ned i Vestfold. Ole er idrettslærar og er ein ivrig supporter til herrelandslaget.
Kveldmessenemnda gler seg til å ynskje velkomen på ein torsdag! Det blir som vanleg mingling på Kyrkjetorget etterpå og kaffe/kaker.
Det som vanlegvis skjer på «Torsdag i kyrkja» (Strikkekafe og Trim for menn og temaforedrag) går ut til fordel for møte med Mr. Row, row. Ole Frøystad. Alle er velkomne - frå heile Sunnmøre!
Arrangør: Den Norske Kyrkje i Herøy.
Advertisement

Event venue

Lisjebøvegen 1, Fosnavåg, Lisjebøvegen 1, 6091 Fosnavåg, Norge, Aalesund, Norway

Tickets
Concerts, fests, parties, meetups — all the happenings, one place.

Discover more events by tag

Ask AI if this event suits you

Keep the plans coming

More events in Aalesund

Afterwork

Fri, 30 Oct at 06:00 pm Sjøgata 10, 6065 Ulsteinvik, Norway

Aalesund is happening.

See everything else that’s on — concerts, markets, comedy and more.