#StayHappening
Sat, 27 Jun, 2026 at 12:00 pm

Miniretreat i Sogndal 27. juni 12.00 - 16.30 (fullt)

  • Sogndal · Førde
Yoga med Britt Publisher / Host Yoga med Britt
Share
Miniretreat i Sogndal 27. juni 12.00 - 16.30 (fullt)
Advertisement
Velkommen!
Reiki er ein nydeleg tilnærming til kven vi er og ei mjuk opning mot den visdomen som bur i oss.
Min intensjon denne dagen er å skape eit trygt og mjukt rom der du kan vende tilbake til deg sjølv – og kanskje oppdage at denne roen allerede finnes i deg.
Gjennom pust, nærvær og stillheit får vi muligheit til å kjenne korleis det kan bringe oss tilbake til ro, balanse og takknemligheit.
PROGRAM 12.00 – 16.30
• Mindful yoga (roleg)
• Reiki - ein nydeleg tilnærming til kven vi er
• Skrivemeditasjon
• Restorativ yoga

PÅMELDING
SMS 99539743
Pris kr 470,- (vipps 99539743)
PRAKTISK INFO
Me skal vere i barnehagen på Kjørnes.
Det er eit roleg fint område og der er stor fin sal.
Eg sender litt meir info til alle påmelde 1 dag før.
Mindful yoga består av enkle øvingar i roleg tempo, med fokus på pust, kropp og nærvær. Gjennom bevegelse og oppmerksomheit vert du invitert til å møte tankar, kjensler og signal frå kroppen med ei open, venleg og aksepterande haldning.
Reiki er ein nydeleg tilnærming til kven vi er og ei mjuk opning mot den visdomen som bur i oss. Ein stille veg tilbake til hjartet vårt. Dette vil du erfare litt av denne timen.
Me avsluttar dagen med skrivemeditasjon og restorativ yoga – ein roleg yogaform med fokus på kvile, avspenning og å finne ro i kropp og sinn.

På denne mini-retreaten kan du slappe av, senke pulsen og nyte.

Om Britt; yogalærar, meditasjon/mindfulness lærar og reiki master
Britt har heldt på i mange år med undervisning i yoga, arrangert yogaretreat, miniretreat, work shops i meditasjon, mindfulness, pust, barneyoga mm. Hennar store lidenskap er å formidle alt yoga har å by på – «vi har denne skattekista inni oss». Hennar undervisning er pedagogisk, varm og passar både nybegynnar og vidarekomne. Britt har også ein utdanning i meditasjon, pranayama/pust og hatha yoga som ho har tatt i India – eit land ho gjerne drar tilbake til kvart år for å lære meir. Den fyste yogalærarutdanninga tok ho i Thailand.


Med dette har ho samla ein djup forståelse for verktøya som er i yoga og ønske er å formidle yoga slik at ein får prøve og oppdage den gode virkninga yogaen har både på kropp og sinn.
Yoga er for alle! Å starte med yoga er som ei fantastisk reise!
Eit yoga-retreat handlar ikkje om prestasjon, men om friheita til å berre vere. Allereie frå det øyeblikket du bestemte deg for å dra, har du lagt av tid frå ein travel kvardag til deg sjølv og din eigenomsorg


Tilbakemeldingar:
"Ho klarar å hjelpa meg å få frem det som er bra i livet mitt. Hjelper med å finna fred med fortida – eg får ein sterk følelse av takknemlegheit".
"Myk og behageleg, God stemme med eit fint tempo og intensitet"
"Britt du er så behageleg og trygg i instruktør rolla. Tydeleg, roleg og avslappande"


Varmt velkommen til deg!
Instagram: haugbri
Facebook: Britt Veum Hauge
Se færre
Advertisement

Event venue

Sogndal, Sogndalsfjøra, Førde, Norway

Tickets
Concerts, fests, parties, meetups — all the happenings, one place.

Discover more events by tag

Ask AI if this event suits you