Advertisement
Velkomen til lydbad i Hengjo på Kleppe. Dette blir ein time med avslapping der musikkpedagog Elona Dantainte-Laurinaviciene tar deg og oss med på ei avslappande lydreise. Du kan sitte eller ligge på matte/teppe. Vi inviterer deg til å gjere det som er best for din kropp.Nokre av instrumenta som vert nytta er; messingbollar, klokkespel, shruti, fløyte og trommer.
Eit lydbad kan vare frå 1- 1,5 time, og etter lydbadet blir det servert te, vatn og frukt. Ta med matte og 2 tepper, eit til å ha under knea og eit til å ha over deg -om du ynskjer.
Medlem i Folkeakademiet, Kleppe Grendalag eller Kleppe Båtlag?
Då er prisen kr: 200,-
Ikkje medlem enno? 250,-
Hjartleg velkomen!
Advertisement
Event venue
Kleppesjøen, Klokkarvik, Bergen, Norway
Tickets