Advertisement
Kva gjer du når sjølvaste statsministeren gir deg eit hemmeleg oppdrag? Jakob har fått ei særs viktig oppgåve: Han skal passe på at nabojenta Ramona ikkje blir avslørt som romvesen. Det er lettare sagt enn gjort. Ramona finn nemleg på ting som ikkje er heilt normale for "vanlege" menneske. Bli med når Lesedigg-klubben inviterer til fest saman med forfattarane Ingunn Thon og Christian Wiik Gjerde som har eit live rollespel på scena i biblioteket.
OPPDRAG ROMVESEN er ein populære lydbokserie for barn, no også ute i bokform på Samlaget. Dei to første bøkene, Den nye naboen og Universets vaktar, er rikt illustrerte av Jens Kristensen og passar særskilt godt for dei over 6 år. Både Ingunn og Christian har skrive eigne bøker og er kjende frå NRK Super.
Gratis framsyning!
Advertisement
Event venue
Stord bibliotek, Hamnegata 1,Stord Island, Hordaland, Norway, Haugesund
Tickets
Discover more events by tag
Festivals in HaugesundBooks in HaugesundKids in HaugesundPerforming-arts in HaugesundPerformances in HaugesundLiterary-art in HaugesundSpace in HaugesundAliens in Haugesund