#StayHappening
Fri, 16 Oct, 2026 at 07:00 pm UTC+02:00

LANSERING: Forvaltaren av Torvald Hadland

  • Mellombels · Bryne
Jordd\u00f8gn litteraturfestival Publisher / Host Jorddøgn litteraturfestival
Share
LANSERING: Forvaltaren av Torvald Hadland
Advertisement
Jorddøgnar og sauebonde Torvald Hadland har skrive sin første roman: Forvaltaren.
Hovudpersonen hans, Einar Håland, er odelssonen som vender heim for å overta garden. På garden er det eit skåp. I skåpet er det mange lik, og lika trillar ut, det eine etter det andre. Boka inneheld alt eit liv på ein gard kan innehalda: Personlege kriser, svik og kjærleik, og ein natur som ikkje let seg forhandle med. Korleis greier Einar å hanskast med utfordringane som ligg nedgravne i molda frå tidlegare generasjonar? Og kva med kofferten han sjølv har med seg heim til garden - greier han å gøyme den inn i skåpet?
Samtalen om boka blir leia av ein annan sauebonde og forfattar; den brageprisvinnande sirdølen Tore Kvæven.
Som innleiing til samtalen vil Ellen Hagen halda eit kort innlegg om primstaven. Kvifor? Det får me svar på denne kvelden.
Torvald Hadland er sauebonde, lærar og programrådsmedlem i Jorddøgn.
Ellen Hagen arbeider som museumspedagog på Arkeologisk museum ved Universitetet i Stavanger.
Tore Kvæven er sauebonde, lærar og forfattar.
Advertisement

Event venue

Mellombels, Storgata 10, 4340 Bryne, Norge, Bryne, Norway

Tickets
Concerts, fests, parties, meetups — all the happenings, one place.

Ask AI if this event suits you

Keep the plans coming

More events in Bryne

Bryne is happening.

See everything else that’s on — concerts, markets, comedy and more.