#StayHappening
Sat Oct 17 2026 at 10:00 am to 04:30 pm UTC+02:00

Kurs: Turdans i ny drakt

  • Søndre gate 22B, 7010 Trondheim, Norge · Trondheim
Noregs Ungdomslag Publisher / Host Noregs Ungdomslag
Share
Kurs: Turdans i ny drakt
Advertisement
Velkomen til turdanskurs!
Påmeldingsfrist 1.oktober
I samband med NU-helga 2026 inviterer vi til kurs i turdansar i ny drakt. Rilar, rekkedansar og ringdansar i valsetakt er alle typar av turdansar eller sosiale dansar. Mange kjenner godt til dei frå eigen danseerfaring, men for andre kan turdansane vere framande og uvante. Korleis kan vi få fleire til å slenge seg med i turdansen når musikken lêt over dansegolvet eller i øvingssalen?
Marianne Dahl vil i dette dagskurset inspirere deg til å ta i bruk turdansane på ein ny og inviterande måte. Du vil reise heim med eit utvida turdansrepertoar og metodar for korleis få alle i rommet med i dansen. Kurset passar for deg som har dansa før, men det er ikkje eit krav å ha mykje erfaring med turdanssjangeren.
Program:
09.30: Registrering opnar
10.00: Kursstart
13.00: Lunsj
14.00: Kurset held fram
16.30: Kursslutt
Kurset er ein del av ei helg med ulike arrangement og du kan velje om du vil vere med på berre kurset eller fleire delar av programmet.
Sjå https://www.ungdomslag.no/arrangement/nu-helga-2026 for informasjon om heile helga.
Pris: kr.500,- for NU-medlemmar og kr.750,- for ikkje-medlemmar.
Kurset er støtta av Studieforbundet kultur og tradisjon.
Advertisement

Event venue

Søndre gate 22B, 7010 Trondheim, Norge, Søndre gate 22B, 7010 Trondheim, Norge, Trondheim, Norway

Tickets
Concerts, fests, parties, meetups — all the happenings, one place.

Discover more events by tag

Ask AI if this event suits you

Keep the plans coming

More events in Trondheim

Trondheim is happening.

See everything else that’s on — concerts, markets, comedy and more.