Advertisement
Biblioteka i Sogn inviterer til kurs i flugebinding i samarbeid med Villakssenteret i Lærdal og kurshaldar Vidar Lillevik.Kurset er for ungdom/vaksne, og du treng ingen forkunnskapar for å delta.
Kurs i Årdal: 25. november, kl 17:00-21:00, på UTLASTOVA.
Varigheit: 4 timar
Om kurshaldar Vidar Lillevik:
Vidar er opprinnelig fra Stord, men no busett i Lærdal der han driv firmaet VL Flyfishing med sal av utstyr til flugefiske, guiding, kurs og føredrag innanfor feltet. Lillevik har over 40 års erfaring med flugefiske og har drive med flugebitting sidan han var ein liten gut.
På kurset vil du læra litt om ulike flugetyper og materialval, og du vil få prøva deg på å laga fleire enkle, gode fiskefluger. I tillegg vil du få ei innføring i utstyr du treng til flugebinding.
Er du klar for ein ny hobby? Bli med!
Påmelding innan 22. november 2026 til epost [email protected]
GRATIS INNGANG
Kursa vert arrangerte med stønad frå Vestland fylkeskommune.
Advertisement
Event venue
Utlastova, Utladalsvegen 618, 6884 Øvre Årdal, Norge, Stryn, Norway
Tickets