Advertisement
Torsdag 5. november inviterer Haugesund Kunstforening og Haugalandmuseet til Kunstsuppe med Trond Borgen og Ola Tjørhom. Denne gongen står helvete og frelsa på programmet!Korleis såg eigentleg helvete ut i mellomalderen? Og korleis har kunstnarar gjennom historia skildra både fortaping og frelse?
Kunstkritikar Trond Borgen tek oss med på ei reise gjennom nokre av dei mest dramatiske og skremmande skildringane av helvete frå mellomalderen og renessansen. Her møter me kunstnarar som med nærmast grenselaus fantasi skildra evig pine og fortaping, ofte som eit middel for å åtvara folk mot synd.
Men det finst håp! Etter pausen tek teologiprofessor Ola Tjørhom oss med frå helvete til frelsa. Gjennom bilete frå kunsthistoria viser han korleis kunstnarar har skildra håp, nåde og frelse.
Me startar med suppe og brød frå Lothes kl. 17.00, før føredraga tek til kl. 17.30.
🎟️ Det tilrådast å kjøpa billett på førehand for å sikra deg plass og suppe!
Velkommen til ein kveld med kunst, historie og teologi, frå helvetes pinsler til himmelens frelse!
Advertisement
Event venue
Erling Skjalgssonsgt. 4, 5523 Haugesund, Norway, Erling Skjalgssons gate 4, 5523 Haugesund, Norge, Haugesund, Norway
Tickets