#StayHappening
Wed, 11 Nov, 2026 at 07:30 pm UTC+01:00

Kort og godt med Pedro Carmona-Alvarez

  • byROMMET · Bergen
Norsk Forfattersentrum Vestlandet Publisher / Host Norsk Forfattersentrum Vestlandet
Share
Kort og godt med Pedro Carmona-Alvarez
Advertisement
Velkommen til Kort og godt, ein serie med opplesingar med varierande tematikk og gjestar. Kvart arrangement har ein hovudgjest som inviterer tre forfattarkollegaer til å lese opp noko frå sine forfattarskap. Hovudgjesten vel seg òg eit tema, som alle saman har i bakhovudet då dei vel tekst til opplesing. Forfattar, poet, musikar og altmogleg-mann Pedro Carmona-Alvarez er kveldens hovudgjest. Han har valt seg temaet slektskap, og har invitert sine forfattarkollegaer Fredrik S. Hagen, Kajsa Bøyum og Kjersti Annesdatter Skomsvold. På kva slags måte tekstane deira kastar lys over temaet, gjenstår å sjå.
‍
Når: Onsdag 11. november kl. 19.30
Kvar: Byrommet, Kong Oscarsgate 24-26, Bergen sentrum
Billettar: "Betal det du kan" - frå kr 50,- Kjøp i døra eller i forkant
‍
Pedro Carmona-Alvarez debuterte med diktsamlinga "Helter" i 1997, og har sidan utgitt romanar, dikt, skodespel og essay. Carmona-Alvarez har mottatt ei rekke prisar, mellom anna Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Kritikerprisen, Triztan Vindtorn poesipris og Riksmålsprisen. Bøkene hans er omsett til ei rekke språk. Carmona-Alvarez er i haust ute med siste bind, "Den siste valsen" i trilogien om Marita Richards, som byrja med romanen "Og været skiftet og det ble sommer og så videre" fra 2012.
Kajsa Bøyum kjem frå Lysefjorden i Bjørnafjorden kommune, og er busett i Bergen. Ho har gått på Skrivekunstakademiet i Bergen, og har ein mastergrad i litteraturformidling. "Orgelskogen" kom ut tidlegare i år og er hennar første roman.
Fredrik S. Hagen er forfattar, historikar og litteraturkritikar. Hagen kjem frå Odda, og er busett i Bergen. Han jobbar som førsteamanuensis ved Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag, Høgskolen på Vestlandet (HVL). Han debuterte i 2017 med boka "Jeg kom plutselig til å slutte å tenke på deg". Hagen sine tekstar er i utval omsett til en rekke språk, og boka "LA DET BLI / EN ENSOM TID" er i sin heilskap omsett til tysk
Kjersti Annesdatter Skomsvold har ein betydeleg forfattarskap, som består av romanar, dikt og essays. Ho debuterte i 2009 med romanen "Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg", som ho fekk Vesaas' debutantpris for og som vart kortlista til den prestisjetunge International IMPAC Dublin Literary Award. I 2015 vart Skomsvold tildelt Doblougprisen for forfattarskapen sin. Bøkene hennar kjem ut i 26 land. Skomsvold er i år aktuell med samtaleboka "Jeg skriver for å bli et menneske".
‍Kort og godt er støtta av Bergen kommune og Forfattersentrums medlemsfond.
‍Byrommet er vår nye medarrangør! Arrangementene våre finn stad i kafeen, der du kan kjøpe deg mat og drikke (øl/vin/mineralvatn).
‍
Advertisement

Event venue

byROMMET, Kong Oscars gate 24-26,Bergen, Hordaland, Norway

Tickets
Concerts, fests, parties, meetups — all the happenings, one place.

Ask AI if this event suits you

Keep the plans coming

More events in Bergen

Bergen is happening.

See everything else that’s on — concerts, markets, comedy and more.