#StayHappening
Tue, 29 Sep, 2026 at 06:00 pm UTC+02:00

Konsert med Leirblaa og Rosendal Songlag!

  • Nyasago i Gurinefjero · Sauda
Share
Konsert med Leirblaa og Rosendal Songlag!
Advertisement
Visepop på trøndersk møter bygdekor-tradisjon!
Tirsdag 29.sept kl 18.00 er DU velkomen til ein spennande konsert i Nyasago! Visepop-bandet Leirblaa skal på Vestlandsturné og tok kontakt med dirigent Christian M. Svendsen og Rosendal Songlag for å spørje om dei kunne få til eit samarbeid. Det sa dei ja til, og resultatet kan du høyre på Nyasago denne tysdagen i september. Leirblaa spelar sin eigen musikk frå albumet "Drømmesky", aleine OG i samspel med Rosendal songlag. Rosendal songlag syng tradisjonell bygdekor-repertoar, med og utan Leirblaa som akkompagnement.
Håper du tek turen og hjarteleg velkomen på konsert!
Litt om Leirblaa:
Leirblaa vart starta av songar Jakob Nordli Leirvik i 2018, då dei fire musikarane møttest på NTNU Jazzlinja i Trondheim. Saman speler dei Jakobs låter med tekster på trondheimsdialekt i eit uttrykk som blandar saman vise, pop og jazz. Bandet har gitt ut to album. Leirblaas andre album, Drømmesky, kom ut i 2025 og tek føre seg tekstar om draumanes, fantasiens og utopiens plass i samtida.
Nokon omtaler:
- "Jakob Nordli & co sameiner musikk og lyrikk på strålande vis". Lars Mossefinn, Dag & Tid
- "En utmerket utgivelse som skiller seg ut fra det meste vi får fra mannlige «jazzvokalister» nå om dagen" Jan Granlie, Salt peanuts
- "Det er så avgjort noe skeivt, annerledes og svært så personlig over det Nordli har å formidle". Tor Hammerø, Nettavisen
Veiledende pris: 300/250/200/150/100kr (Betal det du kan)
Betales i døra til vippsnr: 135514 eller kontant.
Advertisement

Event venue

Nyasago i Gurinefjero, Nesvegen 43, 5470 Rosendal, Norge, Sauda, Norway

Tickets
Concerts, fests, parties, meetups — all the happenings, one place.

Discover more events by tag

Ask AI if this event suits you

Keep the plans coming

More events in Sauda

Sauda is happening.

See everything else that’s on — concerts, markets, comedy and more.