Advertisement
Solokonsert - med middag!På særeigne og flotte Nesheimstunet i Vats kan du få både 2-retters middag – og konsert med underteikna.
Eg gler meg til dette!
Ønskjer du middag kl 18, i god tid før konsert kl. 20?
--> Send sms til Elisabeth Nesheim: 924 61 223
"Av og med" heiter konserten - for i denne konserten får du høyre radiokjenningar, frå «Aks av gull» (Sting på nynorsk), «Gnist» og «Julelegender». Og utrusta med Kjell Inges nye låter som «Eg fant ein ring», «Mudderlys» og «Månefall» er det duka for ein unik og stemningsfull konsert.
Tekstane står alltid i sentrum, på norsk, og kretser rundt kjærleik, lengt og livet slik det er levd - med ein aksept for livets uungåelege ubehag, men innsprøyta med store mengder håp!
Kjell Inge Torgersen er ein kritikerrost songar, låtskrivar og tekstforfattar frå Stavanger. På scena er han ein sterk og nær formidlar, med stor stemme og lun humor.
- Og om du var vaken på 90-talet, hugsar du kanskje at Kjell Inge vant talentkonkurransen "Stjerner i sikte" og tok tredjeplass i den europeiske finalen? Han har òg mottatt Rogaland fylkeskommunes kulturstipend, Tekstforfatterfondets arbeidsstipend tre ganger og støtte fra Komponistenes vederlagsfond.
Advertisement
Event venue
Saudavegen 7194, 5578 Nedre Vats, Saudavegen 7194, 5578 Vindafjord, Norge, Sauda, Norway
Tickets