#StayHappening
Sat, 23 Jan, 2027 at 07:00 pm UTC+01:00

Jørn Hoel & Steinar Albrigtsen: 70+70 - To stemmer fra et levd liv

  • Nyveg 16, 3840 Seljord, Norway · Notodden
Granvin kulturhus Publisher / Host Granvin kulturhus
Share
J\u00f8rn Hoel & Steinar Albrigtsen: 70+70 - To stemmer fra et levd liv
Advertisement
Kjære du som har følgt oss gjennom åra.
Du som har lytta til musikken vår, møtt oss på små og store scener, og gjort det mogleg for oss å leve av det som starta som ein lidenskap.
Me hugsar framleis konserten der det berre kom éin publikummar. Og me hugsar alt som kom etter.
Dette er ei invitasjon til å feire eit langt liv i musikken saman med deg.
Gjennom eit heilt liv har me fått stå side om side. Gjennom oppturar og nedturar, latter og ettertanke. Ikkje berre som musikarar, men som vener og medspelarar.
Og kanskje er me ekstra heldige no:
Me er framleis her. Spelande. Reiseklare.
Difor legg me ut på vegen igjen. Ikkje som ei avslutning, men som ei feiring.
På scena møter du oss slik me byrja:
To stemmer, to gitarar og eit langt liv mellom oss.
Me deler historiene bak songane, augneblinka langs landevegen, det som fekk oss til å le, og det som fekk oss til å stoppe opp. Det blir nordnorsk lune, sjølvironi og glimt i auget.
Musikalsk beveger me oss gjennom den akustiske bluesen, varmen i countrysjangeren, det latinske drivet og nerva i akustisk rock.
Og midt i det heile:
Harmoniar som berre kan oppstå når to stemmer har levd lenge nok, både kvar for seg og saman.
Dette er meir enn ein konsert.
Det er eit møte.
Eit tilbakeblikk.
Og ei takk.
Me gler oss til å treffe deg igjen.
Velkomen!

Jørn & Steinar
Advertisement

Event venue

Nyveg 16, 3840 Seljord, Norway, Nyveg 16, 3840 Seljord, Norge, Notodden, Norway

Tickets
Concerts, fests, parties, meetups — all the happenings, one place.

Discover more events by tag

Ask AI if this event suits you

Keep the plans coming

More events in Notodden

Notodden is happening.

See everything else that’s on — concerts, markets, comedy and more.