#StayHappening
Sun Dec 13 2026 at 07:00 pm to 08:15 pm UTC+01:00

Jula På Hareid - med Tore Grimstad og Svenning Veiseth

  • Hareid Kyrkje · Aalesund
Tore Hanssen Grimstad Publisher / Host Tore Hanssen Grimstad
Share
Jula P\u00e5 Hareid - med Tore Grimstad og Svenning Veiseth
Advertisement
Tore og Svenning vender heim til Hareid og inviterer til en intim julekonsert i Hareid Kyrkje søndag 13. desember 2026 klokka 19.00! Billettane er no lagt ut for salg.
Etter mange år som profesjonelle musikarar i hovudstaden, der musikken er ein viktig del av levebrødet deira, er tida endeleg komen for å vende heim og setje opp sin eigen julekonsert i Hareid kyrkje.
Gjennom heile oppveksten var Tore og Svenning svært aktive i musikkmiljøet på Hareid og på Sunnmøre. No tek dei med seg erfaringane frå eit profesjonelt musikkliv i Oslo tilbake til heimbygda, og inviterer til ein heilt spesiell kveld fylt med julemusikk, nærleik og god julestemning.
Tore Grimstad har dei siste 12 åra jobba aktivt i norsk musikkindustri, som manager for artisten Melis, som backup vokalist på turne med den norske artisten Gabrielle, og som prosjektleder og vokalist i den kjende gospelgruppa New Voices. I tillegg til å jobbe som arkitekt, er Tore svært aktiv i kulturlivet i hovedstaden, og har heilt siden barndomen drevet med musikk.
Svenning Veiseth har slått seg opp som kjend musikkprodusent, der han jobbar blant anna med Ramon, Bjørn Eidsvåg og Zimmermann. Dei to siste med den nylige nummer 1-låten i landet, der Svenning har produsert. Han spelar piano og synth, arrangerer og skriver musikk for fleire store norske artistar, og turnerer landet rundt nesten kontinuerlig med alle sine prosjekt.
På programmet står dei klassiske norske julesongane dei sjølve vaks opp med, nyare og moderne julelåtar frå USA, i tillegg til moderne låtar frå norske artistar som har blitt folkekjære klassikarar. Med eigne arrangement og eit personleg musikalsk uttrykk ønskjer Tore og Svenning å skape ei varm, intim og stemningsfull juleoppleving i Hareid kyrkje. Dette blir ein kveld for å senke skuldrene, finne julestemninga og høyre kjende låtar på ein ny måte – framført av to lokale musikarar som no vender heim.
Billettar kjøpes på www.herifra.no
Stad: Hareid kyrkje
Dato: Søndag 13. desember 2026
Tid: Konsert starter kl. 19.00 (Dørene opnar kl. 18.30)
Pris: Ordinær pris 300 kr + avgift (Under 18 pris: 250 kr + avgift)
🎄 Kjøp billetten din tidleg – dette blir ein heilt spesiell kveld!
Advertisement

Event venue

Hareid Kyrkje, Kyrkjegata 1,Hareid, Aalesund, Norway

Tickets
Concerts, fests, parties, meetups — all the happenings, one place.

Ask AI if this event suits you

Keep the plans coming

More events in Aalesund

Aalesund is happening.

See everything else that’s on — concerts, markets, comedy and more.