#StayHappening
Sat, 07 Nov, 2026 at 07:00 pm UTC+01:00

Ingebjørg Bratland // Oseana

  • Mobergsbakken 20, 5200 Osøyro, Norway · Bergen
Oseana kunst- og kultursenter Publisher / Host Oseana kunst- og kultursenter
Share
Ingebj\u00f8rg Bratland \/\/ Oseana
Advertisement
Med krystallklar røyst og ei utstråling som treff midt i hjartet, har Ingebjørg Bratland med rette vorte omtala som ein nasjonalskatt.
Vinje-bygdingen er evig knytt til udøyelege låtar som «Jul i Svingen» og «Fordi eg elskar deg», men også låtar som «Ingen som du» og «Di Ingebjørg» er prov på Bratland si samlande musikalske kraft på tvers av generasjonar. Når Ingebjørg Bratland står åleine på scena, oppstår det noko heilt eige.
Det siste året har Ingebjørg vore høgaktuell på fleire frontar. Fyrsteplass på Spotify med låta «Baby, du er rå!», saman med Hagle, samstundes som ho kvar veke sjarmere nasjonen som mentor i TV 2-suksessen The Voice, for å nemne noko.
Etter fleire år med ei rekordlang rekkje utselde konsertar saman med Odd Nordstoga, startar no eit nytt musikalsk kapittel for Bratland. Denne kvelden får publikum oppleve Bratland på sitt aller beste, med både kjende og nye songar, historieforteljing og ei formidlingsevne som fyller heile rommet.
Vi lovar ein kveld du seint vil gløyme, med ein av landets aller dyktigaste formidlarar i sentrum.
Advertisement

Event venue

Mobergsbakken 20, 5200 Osøyro, Norway, Mobergsbakken 20, 5200 Osøyro, Norge, Bergen, Norway

Tickets
Concerts, fests, parties, meetups — all the happenings, one place.

Ask AI if this event suits you

Keep the plans coming

More events in Bergen

Bergen is happening.

See everything else that’s on — concerts, markets, comedy and more.