#StayHappening
Mon Jun 29 2026 at 07:00 pm to 08:15 pm

Hilde Selvikvåg - Hagekonsert // Svehogane, Kalvåg

  • Svehogane 25, 6729 Kalvåg, Norge · Sunndal
Hilde Selvikv\u00e5g Publisher / Host Hilde Selvikvåg
Share
Hilde Selvikv\u00e5g - Hagekonsert \/\/ Svehogane, Kalv\u00e5g
Advertisement
Med popmusikk på klingande jærdialekt har Hilde Selvikvåg raskt etablert seg som ein folkekjær artist. Etter det spellemannsnominerte debutalbumet har ho hatt mange låtar i høg rotasjon på NRK sine radiokanalar.
Med fengande songar som «Karusell», «Indie», «Anemone» og «Fryd» har ho sunge seg inn i mange hjarter og vist at ho er ein unik artist som våger å gå sine eigne veger.
Denne konserten er ein del av hennar særeigne og personlege hageturné, eit turnékonsept ho sjølv har bygd opp saman med følgarane sine i sosiale medier. På hageturneen speler ho i hagen til publikum, og besøker alt frå små rekkehus i byane til store gardar ute på landet.
Sidan sommaren 2021 har ho besøkt over 200 hagar over heile landet. Kveld etter kveld, år etter år, har publikum heia i sol og regn og skapt magiske stunder saman med Hilde! Å få møta folk på denne måten er det finaste ho veit.
Konserten er ei reise i barndomsminner, livserfaringar og framtidstankar, fylt med nære og personlege tekstar om livet sjølv. Ektefølt og nært formidlar ho tekstane sine slik berre ho kan, og framkallar både latter og tårer med ein varme og tilstedeværelse av dei sjeldne.
Velkomen til hagekonsert med Hilde Selvikvåg
Advertisement

Event venue

Svehogane 25, 6729 Kalvåg, Norge, Svehogane 25, 6729 Kalvåg, Norge, Sunndal, Norway

Tickets
Concerts, fests, parties, meetups — all the happenings, one place.

Discover more events by tag

Ask AI if this event suits you