#StayHappening
Wed, 28 Oct, 2026 at 07:30 pm UTC+01:00

Heim med Joni – Ein hyllest til Joni Mitchell

  • Ole Bull Scene · Bergen
Stas Artist Publisher / Host Stas Artist
Share
Heim med Joni \u2013 Ein hyllest til Joni Mitchell
Advertisement
Ei musikalsk forteljing om Joni Mitchell sitt liv, musikk og norske røter
Den kritikarroste konsertframsyninga Heim med Joni kjem endeleg til Ole Bull Scene. Her får publikum oppleve Joni Mitchell gjennom sterke musikalske tolkingar, forteljing og nynorske gjendiktingar.
I 1882 utvandra oldeforeldra til Joni Mitchell frå Modalen til Canada. I Heim med Joni blir ho med heim att til Vestlandet – både tekstleg og musikalsk. Dei canadiske landskapa møter vestnorsk tonespråk, og saksofonen må vike plass for hardingfela.
Frode Grytten, Agnes Ravatn, Linda Eide, Marit Eikemo og Ragnar Hovland har gjendikta fleire av dei ikoniske songtekstane hennar til nynorsk. Med nye arrangement og ei ny språkdrakt får songane eit eige vestnorsk liv, samstundes som poesien, styrken og sårbarheita i musikken er teken vare på.
Mellom songane blir historia om Joni Mitchell fortald – om dei norske røtene, den eventyrlege karrieren og eit liv prega av både motgang og kunstnarlege triumfar. Denne kvelden er journalist og forfattar Linda Eide vikar for framsyninga sin faste forteljar, Kjersti Mjør. Eide kjenner prosjektet godt og har sjølv vore med på å gjendikte songtekstar til framsyninga.
Heim med Joni hadde premiere under Vossa Jazz i 2022 og har sidan blitt svært godt motteken av publikum og spela for utselde hus fleire stader på Vestlandet.
Konsertframsyninga blei skapt på initiativ frå Vossa Jazz og Kjersti Mjør.

Medverkande:
Heine Bugge – kapellmeister, trekkspel og vokal
Sigbjørn Apeland – tangentar og vokal
Halvor Folgerø – bass og vokal
Annlaug Børsheim – gitar, fele og vokal
Kåre Opheim – perkusjon og vokal
Sjur Folgerø – gitar
Åse Britt Reme Jakobsen – vokal
Linda Eide – forteljar (vikar for Kjersti Mjør)
Advertisement

Event venue

Ole Bull Scene, Øvre Ole Bulls plass 3, 5012 Bergen, Norge, Bergen, Norway

Tickets
Concerts, fests, parties, meetups — all the happenings, one place.

Discover more events by tag

Ask AI if this event suits you

Keep the plans coming

More events in Bergen

EKKO XXIII

Thu, 29 Oct at 12:00 pm Østre Skostredet 3, 5017 Bergen, Norway

Bergen is happening.

See everything else that’s on — concerts, markets, comedy and more.