Advertisement
Norges Fjordhestlag inviterer alle våre medlemmer til Haustmøtet 2026 på Quality Hotel Sogndal og Sogndal Hestesenter. Haustmøtet er ein møteplass for deg som er engasjert i fjordhesten, anten du driv med avl eller bruk med eigen hest, er med i eit lokallag - eller berre vil lære meir. Vi har fått med oss mange dyktige foredragshaldarar og ressurspersonar som vil dele av sin kunnskap og sine erfaringar. På årets Haustmøte kan du lære noko nytt, bli inspirert til å bruke hesten din - og ha gode samtalar med andre fjordhestfolk.
Fullstendig program finn du på våre nettsider: https://fjordhest.net/blogg/2026/08/19/program-for-haustmotet-2026/
Meld deg på seinast 13. september for å få «tidleg ute»-pris! Påmelding etter 13. september må betale full pris.
All informasjon om prisar og påmelding finn du på LetsReg: https://www.letsreg.com/no/register/haustmotet2026_18082026040652#/
Advertisement
Event venue
Quality Hotel Sogndal, F, Norway
Tickets