Advertisement
Ei vinterforteljing 22.–24. januar 2027Velkomen til ei stemningsfull vinterhelg med champagne, femrettersmiddagar, Gatsby-glamour og ein løynd speakeasybar.
Gjennom helga får de høyre små delar av vinterforteljinga Haaheim 1929. Eit par telegram og ei enkel gåte bind helga saman, men de vel sjølve om de vil delta eller berre nyte maten, cocktailane og stemninga.
To ulike opphald
Heile helga – fredag til sundag
Kr 4 990 per person i dobbeltrom
Pakken inkluderer:
• To overnattingar med frukost
• Champagne på rommet ved ankomst
• Femretters middag fredag
• Lunsj laurdag
• Femretters festmiddag laurdag
• Gatsby-fotografering ved Oaklanden frå 1928
• Gatsby-quiz
• Cocktailhistorie og cocktailsmaking med husfar Torstein
• Haaheim-dollar til kasinoet
• Speakeasybar og kasino begge kveldane
• Vinterforteljinga Haaheim 1929
Éi natt – laurdag til sundag
Kr 3 790 per person i dobbeltrom
Pakken inkluderer:
• Éi overnatting med frukost
• Champagne på rommet
• Lunsj laurdag
• Femretters festmiddag laurdag
• Gatsby-fotografering ved Oaklanden frå 1928
• Gatsby-quiz
• Cocktailhistorie og cocktailsmaking med husfar Torstein
• Haaheim-dollar til kasinoet
• Speakeasybar og kasino
• Vinterforteljinga Haaheim 1929
Program
Fredag – velkomen til 1929
Frå kl. 15.00 – Ankomst og innsjekk
Champagne står klar på rommet når de kjem.
Kl. 18.30 – Velkomst
Husfar Torstein ønskjer velkomen og opnar vinterforteljinga Haaheim 1929.
Kl. 19.00 – Femretters middag
Frå kl. 21.30 – Speakeasybaren opnar
Finn inngangen til den løynde baren. Her ventar klassiske cocktailar, blackjack, roulette og Haaheim-dollar.
Kasinoet er sosialt og uformelt. De kan spele, følgje med eller berre nyte stemninga i baren.
Laurdag – Gatsby på Haaheim
Kl. 08.30–10.30 – Frukost
Ein roleg start på dagen for gjestene som bur heile helga.
Frå kl. 11.00 – Ankomst for éin-nattsgjester
Bagasjen kan setjast frå seg medan de blir ønskte velkomne til Haaheim 1929. Rommet er klart seinast kl. 15.30.
Kl. 11.15–12.30 – Gatsby-fotografering ved veteranbilen
Ved konsertsalen ventar Haaheims Oakland frå 1928. Lån hattar, fjører, perler, pelsar og andre Gatsby-effektar, og ta dykkar eigne bilete ved bilen.
Kl. 13.00 – Lunsj
Kl. 14.30 – Gatsby-quiz
Ein lett og underhaldande quiz om 1920-talet, musikk, film, mote og Haaheim. Vinnarlaget får ekstra Haaheim-dollar til kveldens kasino.
Kl. 15.30–17.00 – Vinterro og velvære
Tid til å sjekke inn, nyte champagnen på rommet, gå ein vintertur eller bestille badstue, jacuzzi og massasje.
Kl. 17.00 – Cocktailar gjennom historia
Husfar Torstein inviterer til ei underhaldande reise gjennom cocktailhistoria og forbodstida.
De får høyre historiene bak nokre av dei klassiske drinkane frå 1920-talet og smake små variantar av mellom anna Gin Rickey, French 75, Sidecar og Bee’s Knees.
Det blir også laga gode alkoholfrie smaksprøver for dei som ønskjer det.
Kl. 18.30 – Samling før middag
Eit kort telegram fører vinterforteljinga vidare. Veteranbilen er lyssett og klar for nye bilete før middagen.
Kl. 19.00 – Femretters festmiddag
Frå kl. 21.30 – Speakeasy og kasino
Den løynde baren opnar igjen med klassiske cocktailar, blackjack, roulette og Haaheim-dollar.
Seinare på kvelden får de høyre avslutninga på vinterforteljinga Haaheim 1929.
Sundag – etter festen
Kl. 08.30–10.30 – Sein frukost
Ein roleg sundagsmorgon med tid til å snakke om helgas opplevingar og kåre dei mest heldige spelarane ved kasinoet.
Utsjekk innan kl. 12.00
Oppgrader opphaldet
• Privat badstue og jacuzzi
• Massasje på 30 eller 60 minutt
• Velværepakke for to
Velværeopplevingane må førehandsbestillast og kjem i tillegg. Talet på badstu- og massasjetider er avgrensa.
Andre drikkevarer enn champagnen på rommet og smaksprøvene under cocktailsmakinga er ikkje inkluderte.
Antrekk: Gatsby, Art Deco eller pent antrekk. Utkleding er hyggeleg, men heilt frivillig.
What happens at Haaheim, stays at Haaheim.
Advertisement
Event venue
Haaheim Gaard, Dalsvegen 182,Tysnes, Norway, Bergen
Tickets