#StayHappening
Tue, 13 Oct, 2026 at 06:00 pm UTC+02:00

Gratis kinovisning «Drapet på Benjamin Hermansen»

  • Vikemyra 2, Ulsteinvik · Aalesund
Ung Arena Ulstein Publisher / Host Ung Arena Ulstein
Share
Gratis kinovisning \u00abDrapet p\u00e5 Benjamin Hermansen\u00bb
Advertisement
Invitasjon til gratis kinovisning for 10. trinn, VGS-elevar og alle lærarar i Ulstein og Hareid kommune

SLT i Ulstein og Hareid inviterer elevar på 10. trinn, elevar i vidaregåande skule og lærarar til ei gratis visning av filmen Drapet på Benjamin Hermansen på Sjøborg kino tysdag 13. oktober kl. 18.00.
🎬 Aldersgrense: 15 år
Gratis billett kan bestillast her:
Bestill billett på https://checkout.ebillett.no/146/events/18077/purchase/setup?kanal=dxf
Kode: SLT2026

Kvifor blir nokon fylte av så mykje hat at dei er villige til å ta eit anna menneske sitt liv?
Ei vinternatt på Holmlia i 2001 mister 15 år gamle Benjamin Hermansen livet, berre på grunn av hudfargen sin. Gjerningspersonen er 19 år gamle Joe Erling. Eitt år seinare står mor til Benjamin, Marit, overfor sitt verste mareritt: rettssaka mot drapsmannen til sonen.
Gjennom sterke tilbakeblikk blir vi kjende med dei to gutane før den fatale natta:
Benjamin veks opp i eit trygt miljø med vener og ei omsorgsfull mor, men opplever samstundes å bli stigmatisert av politiet.
Joe Erling veks opp med grov omsorgssvikt og søkjer tryggleik i det nynazistiske miljøet «Boot Boys».
Både Benjamin og Joe Erling bur i område med låg sosial status og prøver å finne ut kven dei er. Filmen skildrar på ein rystande måte kor sårbart det er å vere ung og leite etter tilhøyrsle – og kor katastrofale konsekvensane blir når hatet får rom til å gro.
No, 25 år etter det rasistisk motiverte drapet på Benjamin, er dette ei historie vi framleis må fortelje. Dette er ein film om rasisme, utestenging, botnlaus sorg og håpet om forsoning i eit samfunn som aldri må gløyme.
Velkommen til ein film som garantert vil vekkje tankar og diskusjon.
Advertisement

Event venue

Vikemyra 2, Ulsteinvik, Vikemyra 2, 6065 Ulsteinvik, Norge, Aalesund, Norway

Tickets
Concerts, fests, parties, meetups — all the happenings, one place.

Discover more events by tag

Ask AI if this event suits you

Keep the plans coming

More events in Aalesund

Foreldrenes kraft

Mon, 12 Oct at 06:00 pm Aure Barneskule, Dalevegen 47, 6230 Sykkylven

Aalesund is happening.

See everything else that’s on — concerts, markets, comedy and more.