#StayHappening
Tue, 29 Sep, 2026 at 07:00 pm UTC+02:00

Gatelangsturne med Petter "Uteligger" Nyquist // Stryn Kulturhus

  • Stryn kulturhus · Stryn
Gatelangs Publisher / Host Gatelangs
Share
Gatelangsturne med Petter "Uteligger" Nyquist \/\/ Stryn Kulturhus
Advertisement
Petter tar utgangspunkt i over ti år tett på menneske i krevjande livssituasjonar og kva desse møta gjer med oss som menneske.
Petter Nyquist er ein eldsjel som brenn for å gjere ein skilnad og skape eit litt varmare samfunn. Det som starta med eit tilfeldig prosjekt, der han levde på gata i Oslo i 52 dagar for å prøve å forstå menneska der, utvikla seg til å bli ein livsstil og ein drivkraft. Gjennom sterke, ærlege og underhaldande historier gir han publikum eit unikt innblikk i liva til menneske mange kanskje overser, og i kva som faktisk skjer når vi vel å møte kvarandre med openheit og respekt.
Bodskapen er enkel, men kraftfull: Måten vi møter andre på, kan utgjere ein skilnad. Ein relasjon. Ein dag – kanskje eit liv? Foredraget utfordrar publikum til refleksjon. Korleis møter vi menneska rundt oss? Korleis skaper vi tillit, og kva spor etterlet vi hos andre?
Eksklusiv turné i Nord- og Sunnfjord – hausten 2026
I ein særs tettpakka kalender med TV-produksjonar og ulike prosjekt er det lite rom for å halde desse føredraga. Likevel ønskjer Petter, saman med Torbjørn Gran, å prioritere ei veke til å spreie bodskapen i nærmiljøet til Gatelangs.
Støtta frå folket til visjonen Gatelangs har om å skape gode opplevingar i kvardagen for rusavhengige og menneske i krevjande livssituasjonar, har vist eit utruleg lokalt engasjement i denne regionen. Det er heilt tydeleg at dette er noko som engasjerer folk flest, og at dei som har kapasitet og ressursar i seg sjølve, ønskjer å hjelpe dersom dei berre får moglegheita og ser kvar behovet er størst.
Advertisement

Event venue

Stryn kulturhus, Tinggata 18, 6783 Stryn, Norge, Stryn, Norway

Tickets
Concerts, fests, parties, meetups — all the happenings, one place.

Discover more events by tag

Ask AI if this event suits you

Keep the plans coming

More events in Stryn

Stryn is happening.

See everything else that’s on — concerts, markets, comedy and more.