Advertisement
Dette blir ein temakveld for alle som er opptekne av å ta vare på kulturlandskapa i fjell- og dalbygdene så vel som i låglandet, fugleentusiastar og alle med interesse for natur generelt. Gratis inngang. Fuglelivet kan på mange vis gi oss eit oversiktsbilete på korleis det er fatt med landskapet vårt. Nye tal viser at den samla bestanden av kulturlandskapsfuglar er redusert med om lag 25 prosent sidan årtusenskiftet. Utviklinga understrekar alvoret i at leveområda deira er truga av attgroing på den eine sida og intensivering på den andre sida.
Kulturlandskapssenteret vil ha ei lita innleiing, før Christian Pedersen, forskar frå NIBIO, slepp til med sitt foredrag. BirdLife Indre Telemark er òg invitert til å bli med oss denne kvelden, og vil kort presentere seg og sin aktivitet.
Illustrasjon: Gulspurv, som no har statusen sårbar på Norsk raudliste for truga artar. Foto frå Wikimedia Commons.
Arrangementet er finansiert ved hjelp av midlar frå ordninga Tiltak for å ivareta natur, som er ei ordning under Miljødirektoratet/Statsforvaltarens miljøavdeling.
Advertisement
Event venue
Kulturlandskapsskulen, Rogrendvegen 11, 3690 Hjartdal, Rogrendvegen 11, 3690 Hjartdal, Norge, Notodden, Norway
Tickets
Discover more events by tag
Environment in NotoddenAnimals in NotoddenBirds in NotoddenEducation in NotoddenWorkshops in NotoddenConferences in Notodden