Advertisement
Korleis kan vi kjenne att rasisme i klasserommet – og kva kan vi gjere for å førebyggje og handtere det?Alle elevar har rett til eit trygt læringsmiljø, fritt for rasisme. Samstundes veit vi at mange elevar opplever rasistiske ytringar og hendingar på skulen. Vi veit også at mange lærarar opplever det som utfordrande å jobbe mot rasisme i klasserommet, og mange opplever å ikkje ha god nok verktøykasse for å jobbe for eit rasismefritt skulemiljø.
Rasisme kan ha negativ påverknad på både trivsel, fagleg sjølvtillit, læring og helse. På dette frukostseminaret set vi rasisme i skulen på dagsordenen og utforskar kva vi kan gjere for å skape tryggare og meir antirasistiske skulemiljø. Vi lanserar ein rasismerettleiar for skuletilsette, med mål om å skape gode samtalar om løysingar og gi skular og lærarar konkrete verktøy til å møte rasisme i kvardagen.
Arrangementet er opent for alle interesserte. Arrangementet er særleg relevant for lærarar, lærarstudentar, skuleleiarar, sivilsamfunnsaktørar og andre som arbeider med barn og unge.
Det blir frukostservering. Dørene opnar 08.00 for frukost, kaffi og mingling fram til programmet byrjar 08.30.
Program:
Del 1: Kva veit vi om rasisme i skulen?
Presentasjon:
Rasisme i skulen: Funn i Redd Barna sin rapport v/ Anne Elin Kleva
Panelsamtale:
Oda Eiken Maraire, Kirkelig Dialogsenter Bergen
Anne Elin Kleva, Redd Barna
TBA
Programmet og panelsamtalen blir oppdatert fortlaupande.
Del 2: Lansering av rasismerettleiar for skuletilsette
Vi lanserer ein ny rasismerettleiar for skulen, utvikla for å hjelpe lærarar med å kjenne att, handtere og førebygge rasisme i klasserommet. Det blir presentasjon av rettleiaren, kommentarar frå panelet og høve til spørsmål og innspel frå salen. Rasismerettleiaren er utvikla av Likestillingssenteret på Vestlandet, Likestillingssenteret KUN, Liukestillingssenteret på Hamar og Redd barna. Arbeidet er støtta av Stiftelsen Dam.
Rettleiaren presenterast av Susanne Morales Ree, seniorrådgjevar hjå Likestillingssenteret KUN.
Velkomen til ein viktig morgon om rasisme, førebygging og løysingar i skulen!
Praktisk
Arrangementet vert strauma for dei som ikkje har høve til å delta fysisk.
Meld deg på her: https://kun.no/kalender/199/frukostseminar-rasisme-i-skulen-korleis-skaper-vi-eit-klasserom-for-alle/pamelding
Advertisement
Event venue
Kong Oscars gate 66-68, 5017 Bergen, Norway, Kong Oscars gate 66, 5017 Bergen, Norge, Bergen, Norway
Tickets