Advertisement
Frode Grytten kjem til Sunde under Falturiltu med ein flunkande ny roman, der han blir bokbada av den lokale poeten Arne Torget.Vinter, vinter, vinter, vår er ein roman om kjærleikssorg, om å reisa seg igjen, om å ta opp kampen mot kreftene som vil øydeleggja alt som gjer det verdt å leva.
Årets første snø fell over Buardalen då Olga ser mannen sin, Martin, gå frå huset, gå over tunet, i retning hovudvegen. Martin stansar, snur seg, ser tilbake, så forsvinn han og hunden i alt det kvite. Olga har sett mannen sin for siste gong.
Denne desemberkvelden skal kommunestyret ha julebord på Buarheim, restauranten som Olga og Martin driv i lag, under bergfall, like ved isbreen. Martin har nekta å servere politikarar som i lang tid har pressa på for å bygge hotell og gondol her.
Ordføraren og investorane vil gjerne gjøre Odda Great Again. Olga er pragmatisk og på gli. Martin er kompromisslaus og vil ikkje gi seg. Han kjem ikkje heim igjen etter den kveldsturen. Bare bikkja dukkar opp neste morgon, redd og skrøpelig.
Arrangementet er eit samarbeid med Sunde kyst- og litteratursenter og nynorskfestivalen Falturiltu.
Frode Grytten har skrive bøker i dei fleste sjangrar og har nådd eit stort publikum. Han har mellom anna vunne Brageprisen, Rivertonprisen og Nynorsk litteraturpris, og bøkene hans er omsette til 17 språk.
Advertisement
Event venue
Sunde Kyst og Litteratursenter, Solbakken 9,Sunde, Hordaland, Norway, Bergen
Tickets