#StayHappening
Tue, 03 Nov, 2026 at 06:00 pm UTC+01:00

Folkemøte

  • Nordhordlandshallen · Bergen
Raudt Alver - R\u00f8dt Publisher / Host Raudt Alver - Rødt
Share
Folkem\u00f8te
Advertisement

Kva er viktig for deg i Alver?
Kva fungerer bra, kva bør bli betre, og kva meiner du kommunen bør prioritere i åra framover? Kanskje er du oppteken av skulenedlegging, kraftpolitikk, miljø og natur, fattigdom og aukande forskjellar – eller heilt andre saker som påverkar lokalsamfunnet vårt.
Me i Raudt Alver vil høyre frå deg!
Raudt Alver er i gang med å utarbeide eit nytt lokalt valprogram, og me ønskjer innspel frå folk som bur her. Difor inviterer me deg til ein open og sosial kveld med politikk, underhaldning, mat og gode samtalar for alle innbyggare i Alver.
Me ønskjer å samle folk med ulike erfaringar og meiningar. Lokale lag og organisasjonar får høve til å løfte fram sakene dei brenn for, og alle som har noko på hjartet, kan sleppe til med eigne innspel. Me vil høyra frå deg som bryr deg om lokalsamfunnet ditt. Me set av inntil tre minutt per innlegg på den opne talarstolen.
Det blir appeller, underhaldning, politisk bingo og matservering. Du kan lytte, diskutere med andre eller sjølv ta ordet frå talarstolen.
Kom med spørsmåla, tankane og forslaga dine – saman kan me snakka om korleis forme framtida til Alver!
Appeller frå blant anna:
Torstein Dahle
Torstein Dahle er ein Rødt politiker som har vore ein markant skikkelse i norsk venstresidepolitikk. Han sitt for tiden i bystyret for Rødt i Bergen.
Torstein Dahle er utdanna siviløkonom og lektor og han har gjennom fleire tiår vore engasjert i spørsmål om økonomisk makt, fordeling og arbeidstakarane sine rettar, og har lang erfaring frå lokalpolitikken i Bergen. Her får du høyre frå ein erfaren samfunnsdebattant med gode perspektiv på økonomi, og særleg kommuneøkonomi.
Bjørnar Smørdal Grindheim
Bjørnar Smørdal Grindheim er leiar for Raudt Alver og sitt for tiden i kommunestyret i Alver og i utval for næring, idrett og kultur. Han er utdanna rørleggar og har i mange år vore aktiv tillitsvalgt i fagforeninga Union. Bjørnar brenn for ein kommune som tek seg av innbyggarne, med gode kommunale tjeneste og levekår for dei som bur der.
Program
Velkomen
Underhaldningsinnslag
Appellar
Matservering
Politisk bingo
Open talarstol – inntil 3 minutt per innlegg
Me håpar du kjem – med spørsmål, idear, frustrasjonar eller forslag til korleis Alver kan bli ein betre kommune å bu i.
Advertisement

Event venue

Nordhordlandshallen, Kvernhushaugane 24,Knarvik, Bergen, Norway

Tickets
Concerts, fests, parties, meetups — all the happenings, one place.

Discover more events by tag

Ask AI if this event suits you

Keep the plans coming

More events in Bergen

Bergen is happening.

See everything else that’s on — concerts, markets, comedy and more.