#StayHappening
Sun, 04 Oct, 2026 at 02:00 pm UTC+02:00

Fjellgardkonserten, med Kåre Nordstoga, Britt Pernille Frøholm og Geir Inge Lotsberg

  • Westerås Gard · Stryn
Festspela i Geiranger Publisher / Host Festspela i Geiranger
Share
Fjellgardkonserten, med K\u00e5re Nordstoga, Britt Pernille Fr\u00f8holm og Geir Inge Lotsberg
Advertisement
Festspela 2026 blir avslutta med fjellgardkonsert på Westerås gard, 300 meter over Geiranger. Her møtest folkemusikktradisjonen frå Sunnmøre og dei store komponistane frå kontinentet, med Kåre Nordstoga, Britt Pernille Frøholm og Geir Inge Lotsberg.
Som siste arrangement under Festspela i Geiranger 2026 inviterer vi publikum til fjellgardkonsert på Westerås gard.
Publikum kan gå turen frå Geiranger sentrum og opp til garden, 300 meter over havet, eller kome med bil. Vel framme ventar ei konsertoppleving der musikken får møte både fjell, fjord og levande kulturhistorie.
På Westerås gard får vi høyre eit møte mellom folkemusikktradisjonen frå Sunnmøre og dei store komponistane frå kontinentet. Medverkande er tre musikarar av høgaste klasse: Kåre Nordstoga, ein av Europas fremste konsertorganistar, Britt Pernille Frøholm, ein av våre leiande folkemusikarar på fele og hardingfele, og Geir Inge Lotsberg, fiolinist i Oslo Strykekvartett.
Saman skaper dei ei avslutning som peikar både utover og heimover – mot den europeiske kunstmusikken, mot den lokale slåttetradisjonen og mot landskapet som rammar inn Festspela.
Dette blir ein verdig og nær finale for Festspela 2026: stor musikk, sterke tradisjonar og Geiranger frå ei av sine vakraste sider.
Tid: 4.oktober kl 14.00
Stad: Westerås gard
Praktisk: Publikum kan gå frå sentrum eller køyre bil. For dei som ynskjer å vere med på fellestur, vert det avgang utanfor Union kl 12.30
Advertisement

Event venue

Westerås Gard, Løsta, Geirangervegen, 6216 Stranda, Norge, Stryn, Norway

Tickets
Concerts, fests, parties, meetups — all the happenings, one place.

Discover more events by tag

Ask AI if this event suits you

Keep the plans coming

More events in Stryn

Følskue

Sun, 11 Oct at 11:00 am Fjordhestgarden

30 års jubileum

Fri, 16 Oct at 12:00 am Sandgota 2, 6885 Årdalstangen, Norway

Stryn is happening.

See everything else that’s on — concerts, markets, comedy and more.