#StayHappening
Wed, 25 Nov, 2026 at 06:30 pm UTC+01:00

Familie, liv og litteratur

  • Litteraturhuset · Oslo
Norsk Forfattersentrum Publisher / Host Norsk Forfattersentrum
Share
Familie, liv og litteratur
Advertisement
Om familie, liv og litteratur. Tre programpostar på ein kveld! Med Marte Michelet og Ida Hegazi Høyer, Tore Renberg og Petra Renberg, Linn Ullman, Kaja Schjerven Mollerin, Lotte Konow Lund og Ragnar Misje Bergem.
MIN FAR ER STERKARE ENN DIN
Marte Michelet og Ida Hegazi Høyer i samtale om fedrar.
To forfattarar med vidt ulike erfaringar møtest til ei samtale om fedrar, farskap og familieband. Kven var desse fedrane, på godt og vondt? Kva tek vi med oss frå oppveksten, og kva ansvar har vi som barn? Gjennom personlege forteljingar og litterære refleksjonar utforskar dei kjærleik, svik, nærleik og avstand.
---
ET LIVSFORSØK
‍Tore Renberg i samtale med dottera Petra Renberg. Om romanfiguren Agate Mildem frå «Et Livsforsøk» og livet hennar gjennom nesten 50 år.
Agate er adoptert frå India og veks opp i Stavanger på 1970- og 80-talet. Ho er vakker, skarp og kompromisslaus. Ho elskar mannen sin, men lengtar etter ein annan. Ho er både lojal og sårande, trygg og uroleg. Full av motsetnader er Agate eit menneske mange vil kjenne seg att i.
---
KNYTKALAS. VERDA FORSVINN
Linn Ullman inviterer forfattarkollegaer til knytkalas 2026. Med Kaja Schjerven Mollerin, Lotte Konow Lund og Ragnar Misje Bergem.
Artar og landskap forsvinn, demokratiske institusjonar blir trua, merksemda og fellesskapa våre er under press, og måten vi lever, tenkjer og vel på i kvardagen, blir utfordra av algoritmar og kunstig intelligens.
Linn Ullmann har invitert tre forfattarar – ein kritikar, ein teolog og ein bildekunstnar – til ei samtale om litteratur og forsvinning, om å lese, leve og skrive, om å miste og leite.
Knytkalas er svensk for spleiselag. Alle gjestane tek med seg ein rett eller to til det dekka bordet. Til dette knytkalaset tek gjestane med seg – ikkje ein rett – men eit politisk, personleg eller kunstnarisk bidrag. Det kan vere kva som helst: eit dikt, eit bilde, ein song, ei preike, eit manifest, ein gjenstand. Og apropos forsvinning: Alle tre vil bli bedne om å tenkje høgt rundt spørsmåla: Kva har du mista? Kva leiter du etter? Eller: Kva har vi mista? Kva leiter vi etter?
---
‍Arrangementet er ein del av seminaret Bransje, litteratur og utvikling (BLU) 2026 - og er ope for publikum.
Arrangør: Norsk Forfattersentrum
Støtta av: Kopinor, Fritt Ord og Den norske Forleggerforening
Meir info og fotokreditering finn du på heimesida til Norsk Forfattersentrum.
Bill. kr 250,-
https://forfattersentrum.ticketco.events/no/nb/e/blu__bransje_litteratur_og_utvikling_2026
Advertisement

Event venue

Litteraturhuset, Bitte Kai Rand, Hegdehaugsveien 25, 0352 Oslo, Norge, Oslo, Norway

Tickets
Concerts, fests, parties, meetups — all the happenings, one place.

Discover more events by tag

Ask AI if this event suits you

Keep the plans coming

More events in Oslo

Jan P Syses dag

Wed, 25 Nov at 06:13 pm Slemdalsveien 15, 0369 Oslo, Norway

Oslo is happening.

See everything else that’s on — concerts, markets, comedy and more.