#StayHappening
Tue, 08 Dec, 2026 at 07:00 pm UTC+01:00

Eva Weel Skram: Falle til ro - ein julekonsert 2026 // Drammens Teater

  • Drammens Teater · Drammen
Drammens Teater Publisher / Host Drammens Teater
Share
Eva Weel Skram: Falle til ro - ein julekonsert 2026 \/\/ Drammens Teater
Advertisement
EVA WEEL SKRAM: Falle til ro - Ein julekonsert 2026
Hovedscenen, Drammens Teater
Pris fra 550,- til 660,-
Dei siste åra har Eva Weel Skram skapt ein kjærkomen juletradisjon med sine stemningsfulle julekonsertar. Med ei varm blanding av eigne låtar og kjende julefavorittar inviterer ho publikum inn i eit musikalsk univers der både tradisjon og nyare juletonar får skinne.
Det er snart ti år sidan Eva gav ut sin første julelåt, og sidan den gong har fleire av songane hennar funne vegen inn i den moderne norske julekanonen. «Selmas Sang», temalåten frå NRK-serien Snøfall, vart raskt ein publikumsfavoritt. Seinare kom «Falle til ro», skriven til Netflix-serien Hjem til jul, som også har festa seg som ein ny juleklassikar.
Eva har òg markert seg som ein framifrå tolkar av andre sine låtar. I hennar hender får songar som «Nå tennes tusen julelys» og «Romjulsdrøm» nytt liv. Juleklassikaren Have Yourself a Merry Little Christmas har dessutan fått norsk drakt som «Tid med mjuke pakkar», med ny tekst av Trygve Skaug.
Saman med sine musikalske kumpanar skapar Eva Weel Skram ei varm og nær juleoppleving – fylt av smittande humør, vakre melodiar og ekte julestemning.
Velkommen til julekonsert!
Advertisement

Event venue

Drammens Teater, Øvre Storgate 12,Drammen, Norway

Tickets
Concerts, fests, parties, meetups — all the happenings, one place.

Discover more events by tag

Ask AI if this event suits you

Keep the plans coming

More events in Drammen

Drammen is happening.

See everything else that’s on — concerts, markets, comedy and more.