Advertisement
Dei unge dansarane i ESC ungdomskompani tek over kulturhus på Vestlandet med denne danseframsyninga av koreograf Johannes Gudbrandsen-Stavland og dramaturg og tekstforfattar Maria Johanne Liabø. Med inspirasjon frå astrofysikken sitt omgrep om hendinghorisonten har dei, i tett samarbeid med dei unge dansarane, skapt Event Horizon.Hendinghorisonten, eller event horizon, skildrar grensa rundt eit svart hol – punktet der det ikkje lenger er mogleg å snu. Med dette som utgangspunkt utforskar framsyninga fri vilje og førehandsbestemte lagnader.
Publikum kjem inn i eit dundrande rom, der lyden er tett, omsluttande og nesten heilag. Når støyen lettar, trer andre element fram i lydbiletet: røyster, pust, sko mot golv, kostyme som gnissar, hud mot dansematter. Kroppane er både rastlause og avventande. Dansarane kastar seg rundt, forlenger fall, utfører tilsynelatande umoglege oppgåver, byggjer og ber – bryt ned. Dei er kvarandre sine hindringar og støttespelarar.
Event Horizon undersøkjer kva handlingsrom som finst når noko allereie er på veg i ei bestemt retning, mot ein slutt. Kan vi førestille oss nye røyndomar og gjere fantasiane våre til røyndom? Kan vi skrive om vår eigen lagnad – og kan vi skrive om vår felles?
ESC ungdomskompani for samtidsdans blir drive av Bergen Dansesenter og er eit unikt tilbod for ungdom i Vestland med særleg talent og interesse for samtidsdans. Kvart år rekrutterer kompaniet mellom 8 og 15 dansarar i alderen 14–19 år gjennom open audition. Eit høgt teknisk nivå og sterke kreative ferdigheiter ligg til grunn for opptak i kompaniet. ESC løftar òg fram yngre koreografar, som kvart år blir valde ut gjennom ein nasjonal og internasjonal open call.
Medverkande og kreditering
Dansarar/utøvarar:
Alex Olai Sjøthun (Luster), Isabella Viviann Engseth (Bergen), Jenny Marie Gaassand (Bergen), Sienna Solem (Bjørnafjorden), Vera Hernes Vågstøl (Bergen), Vill Brekke-Reksten (Bergen), Natalia Linnea Romslo (Øygarden)
Konsept: Johannes Gudbrandsen-Stavland & Maria Johanne Liabø
Koreografi: Johannes Gudbrandsen-Stavland
Tekst, dramaturgi: Maria Johanne Liabø
Musikk/komposisjon: Jonas Meurer-Lunde
Produsent/produksjon: BDS – Sølvi Katrine Andersen
Co-produsert av: Bergen Internasjonale Teater, Carte Blanche – Noregs Nasjonale Dansekompani
Støtta av: Bergen kommune, Vestland fylkeskommune, Kulturdepartementet
Advertisement
Event venue
Firdavegen 21, 6823 Sandane, Norway, Firdavegen 21, 6823 Sandane, Norge, Stryn, Norway
Tickets
Discover more events by tag
Performances in StrynDance in StrynContemporary-dance in StrynPerforming-arts in StrynSpace in StrynArt in Stryn