Advertisement
Elite er på veg inn i norsk nosework. Denne helga ser me nærare på kva som faktisk ventar, og kva det krev av hunden og av deg.Meir enn fleire utlegg
Det er lett å tenkje at elite berre er klasse 3 med fleire utlegg. Men overgangen handlar om andre ting: større og meir samansette søksområde, ukjent tal på utlegg, søk som går over fleire søksmoment, og krav til at du som førar held hovudet kaldt, tek gode val undervegs og veit når du er ferdig. Hunden må halde fokus og presisjon lenger, i meir krevjande miljø.
To variantar: Elite Select og Elite
Me tar for oss dei to planlagte variantane av Elite. I Elite Select er det fire søksområde, og søka skal delast i minst to bolkar. Søksområda vil oftast vere om lag på storleik med klasse 3, og noko mindre krevjande enn Elite (ELT). Elite har variert antal søksområde, noko større søksområder og meir krevande kombinasjonar av utfordringar.
Kva me gjer på kurset
Gjennomgang av det førebelse regelverket for Elite Select og Elite
Kva utfordringar formatet gir, både for hund og førar
Søk der me prøver ut element frå båe elite variantane: blanda søksmoment, ukjent antal, større område, blanke område og strategi for førar
Felles drøfting av søka, så alle lærer av alle ekvipasjane
Andre variantar som kan kome i elite utfordringar.
Kurset er ein blanding av teori og praksis. Treninga føregår hovudsakleg utandørs, så kle deg etter vêret.
Kven passar kurset for?
Ekvipasjar som konkurrerer i klasse 3, eller som trenar på det nivået og vil vite kva som kjem etterpå.
Praktisk
Tid: laurdag og søndag kl. 11–17 ved full gruppe.
Stad: Arnaområdet eller etter avtale
Gode belønningar, hund.
Påmelding her: https://www.flythundetrening.no/eventyr/elitekurs-kva-ventar-etter-klasse-3/
Advertisement
Event venue
Arna, Bergen, Hordaland, Norway
Tickets