Advertisement
Program Eldredagen 2026- Velkommen
- Kulturelt innslag. (kven som har innslaget kjem ca 10. juni)
- "Å spele med Parkinson – musikken som vegvisar»
Pianisten Annabel Guaita har knekt koden for å snu motgang til livsglede gjennom musikken – og gjev publikum ein smak av den same krafta som finst i dei sjølve. Med utgangspunkt i eigne erfaringar med Parkinsons sjukdom viser ho, gjennom musikk av mellom andre Bach, Grieg, Debussy og Rodgers, korleis musikk kan gje retning, meining og livskvalitet. Dette er ei nær og levande konsertoppleving som opnar for refleksjon og nye perspektiv.
Annabel Guaita er klassisk pianist og førsteamanuensis ved Griegakademiet. Ho har lang erfaring som utøvar og formidlar nasjonalt og internasjonalt, har gjeve ut to soloalbum på Lawo Classics og har spela på festivalar som Festspillene i Bergen, Stavanger Kammermusikkfestival og Dype Åndedrag i Oslo. Ho eksperimenterer med ulike konsertformer gjennom konseptet Lyttelos, der ho kombinerer framføring av klaververk, fenomenologisk lytting og publikumsrefleksjon.
Lyttelos-prosjektet «The Listening Body» har nyleg vore del av eit forskingssamarbeid med RITMO (UiO). Her vart både kroppsleg og erfaringsbasert respons på guida musikklytting målt hos deltakarar med og utan Parkinsons sjukdom. Funna frå studien inngår i formidlinga og styrkjer forståinga av korleis musikk verkar på oss som menneske. For mer info, se:
www.lyttelos.no
www.thelisteningbody.me
Enkel bevertning er inkludert i billetten
Billett kroner 150,- kan kjøpast på Førdehuset si nettside eller i resepsjonen
Advertisement
Event venue
Angedalsvegen 5, 6800 Førde, Norway, Angedalsvegen 5, 6800 Førde, Norge, F, Norway
Tickets