Advertisement
DET STORE SJØMATEVENTYRET26. og 27. februar 2027
Sjømaten er på sitt aller beste, og det feirar vi med eit storslått sjømateventyr på Haaheim.
Gjennom ti serveringar tek kjøkenet dykk med frå østers, sild og røykt fisk til kamskjel, kveite og smørbakt torsk. Kvelden blir avslutta med frisk sitronterte, sukkersylta tang og kvit sjokolade.
Rundt måltidet kviler eit lite streif av 1920-talet – levande lys, diskrete Art Deco-detaljar, Haaheims Oakland frå 1928 og ein løynd bar som opnar etter middagen.
Program fredag og laurdag
Frå kl. 15.00 – Innsjekk
For gjester som skal overnatte.
Kl. 18.00 – Veteranbilen står klar
Ta eit bilete ved Haaheims Oakland frå 1928 før middagen. Nokre enkle Gatsby-effektar er tilgjengelege for dei som ønskjer det.
Kl. 18.30 – Velkomst
Husfar Torstein ønskjer velkomen til kveldens sjømateventyr.
Kl. 19.00 – Ti serveringar frå havet
Kjøkenet presenterer kveldens meny og historiene bak råvarene, røykinga, spekinga og smakane.
Etter middagen – Den løynde baren opnar
Avslutt kvelden med ein klassisk cocktail eller noko godt i glaset i vår diskrete speakeasybar.
Gatsby-antrekk er hyggeleg, men på ingen måte nødvendig.
Kveldens ti serveringar
1. Østers
Eplegranité, chili og sjøvatn
2. Nedlagd sild
Eple- og ingefærlake, rømme, sprøtt rug og dillolje
3. Røykt aure
Sitronkrem, pepperrot og dillagurk
4. Einerøykt makrell
Tomat, chili, friske urter og grilla brød
5. Røykt og speka kval
Einebær, soyasmør og sprø potet
6. Fiskesuppe under butterdeigslokk
Ingefær, purre, blåskjel og fennikel
7. Steikte kamskjel
Blomkål, bruna smør og lime
8. Lettgrava kveite
Ponzu, agurk og friske urter
9. Smørbakt torsk
Miso, purre og potetpuré
10. Sitronterte
Sukkersylta tang og kvit sjokoladekrem
Prisar
Ti serveringar: kr 1 595 per person
Vinpakke: kr 1 095 per person
Overnatting med frukost: kr 1 395 per person i dobbeltrom
Middag og overnatting: kr 2 990 per person i dobbeltrom
Middag, vinpakke og overnatting: kr 4 085 per person i dobbeltrom
Andre drikkevarer kjem i tillegg.
Ei hyllest til havet
Ti serveringar. Vestnorske råvarer. Historiske stover. Og berre eit lite streif av Gatsby.
Velkomen til det store sjømateventyret på Haaheim.
Advertisement
Event venue
Haaheim Gaard, Dalsvegen 182,Tysnes, Norway, Bergen
Tickets
Discover more events by tag
Food-drinks in BergenParties in BergenFine-arts in BergenTheatre in BergenCooking in BergenEntertainment in BergenArt in Bergen