Advertisement
JULEKONSERTGrimstadkoret får besøk av ingen ringare enn Det Norske Mannskor (tidl. Christiania mannskor), det einaste profesjonelle mannskoret i Norge. Dette koret konserterer i alle dei største byane i landet, og er Norge sitt representasjonskor både innanlands og internasjonalt. I desse dagar er dei komne tilbake frå Kina, der dei som eitt av tre europeiske kor var inviterte til World Symposium on Choral Music. Grimstadkoret er arrangør av konserten, og skal delta med eigne julenummer og også fellesnummer ilag med DNM. Vi gled oss enormt til konserten og ligg no i hardtrening med julerepertoaret vårt. Hugs det er begrensa med sitjeplassar i kyrkja, så vil du sikre deg ein plass, så kjøp billett alt no i linken under. Elskar du kor, så er dette ein sjeldan og unik sjanse til mannskorsong på det aller høgste nivå. Hjarteleg velkomen!
Kjøp billett her:
https://grimstadkor.hoopla.no/event/23616882
Advertisement
Event venue
Hareid Kyrkje, Kyrkjegata 1,Hareid, Aalesund, Norway
Tickets