Advertisement
På dette kurset vil du først få innføring i bruk av breikantpenn, samt introduksjon til ei mellomalderskrift som me skal bruka til å lage fine bokmerker. Etter lunsj lagar me ei lita bok, som me syr og limar saman på ein måte som kan gjentas heime. Har me tid til overs har Bas alltid nokre ekstra "ess i ermet"!
Kurset blir halde i Bergslagen. Deltakaravgifta på 900 kroner inkluderer kurs, materiell, kaffi/te, og lunsj. Du reserverer plass på kurset ved å kjøpe billett til arrangementet her: https://bergslagen.hoopla.no/event/kalligrafiogbokbinding
Maks 16 deltakarar!
Kalligrafi er skriftkunst, eller kunsten å skrive bokstavar på ein kunstferdig måte. Kalligrafi er eit handverk og ein kunnen som stadig færre kan eller kjenner til. Når kalligraf Bas Vlam vitjar Halsnøy kloster (føredrag 22. januar - for meir informasjon om dette, følg med på Sunnhordland museum og Halsnøy kloster sine sider) og Bergslagen i januar 2027, vil både den praktiske og teoretiske kunnskapen han har om dei historiske skriftformene bli formidla.
Bas Vlam er født i 1963 i Nederland, men bur på Askøy utanføre Bergen. Bas har studert kalligrafi i Nederland og England og har vore på mange kurs med anerkjente kalligrafar som Donald Jackson, Jean Larcher, Gaynor Goffe, John Woodcock, Manny Ling, David Howells, Astrid Scholten, Mary Noble og Ann Hechle. Bas held kurs og føredrag i kalligrafi, brushlettering og bokbinding for både vaksne og born, skriv artiklar og er mykje brukt i Den Kulturelle Skulesekken.
Advertisement
Event venue
Solbakken 9, 5450 Sunde, Norway, Solbakken 9, 5450 Sunde i Sunnhordland, Norge, Haugesund, Norway
Tickets