Advertisement
3 BAND på EIN KVELD:Støyt + Love Experience + BakarBandet!
Velkomen til ein redige BAND-kveld med 3 ulike band med kvar sin sjanger! Denne første gongen står 3 lokale band på menyen med 3 ulike set-lister og noko for einkvar smak, som vi vil presentere på våre nettsider og SoMe framover. Følg med!
Vi har jobba ei stund med å samle interesserte musikarar og vokalistar - med ønskje om å vise fram lokal musikk! Band har siste åra kanskje leita litt etter scene og anledning, og no håpar og trur vi at vi har funne fram til eit kjekt konsept til glede for både musikarar og publikum!
Fosnavåg konserthus legg til rette med scene, lyd, lys og teknikk - og publikum. Vonaleg kan vi fylle småbord-salen vår denne fredagskvelden i november. Vi har trua på at publikum vil setje pris på ein slik kombo, og ønskjer velkomen til tre timar med deilig bandmusikk! Om folket vil, vil vi gjerne prøve på nytt utpå vinteren også. Velkomen!
Advertisement
Event venue
Fosnavåg konserthus, Gerhard Voldnes veg 7,Fosnavåg, Norway, Aalesund
Tickets
Discover more events by tag
Concerts in AalesundMusic in AalesundPerformances in AalesundLive-music in AalesundEntertainment in Aalesund