#StayHappening
Sun, 01 Nov, 2026 at 07:00 pm UTC+01:00

Baker Hansen på Juret på Huset

  • JURET på Kunstnernes hus · Oslo
Juret Publisher / Host Juret
Share
Baker Hansen p\u00e5 Juret p\u00e5 Huset
Advertisement
Chet Baker sin nynorske fetter på Juret på Huset!
Chet Baker si stemme og trompet definerte cooljazzen.
Men korleis let forteljingane hans på vårt eige morsmål?
Baker Hansen har sidan 2010 leita etter svaret på dette i språk og samspel, basert på musikken som Chet Baker spelte. Jazzklassikarane er tidlause og velkjente, men teksten er omarbeidd til norsk og framført på dialekt av vokalist Sigurd Rotvik Tunestveit frå Ål i Hallingdal. På «eige mål» kjem musikken og innhaldet brått nærare på oss, som publikum på godt over 200 konserter i Noreg og Sverige kan fortelje om. Baker Hansen har gjeve ut fire album med Chet på norsk, «Ei som deg» (2014), «Gamle Daga» (2016), «Live i Oslo med John Pål Inderberg» (2019) og "Ein song som liknar oss" (2024).
Kombinasjonen av kjente melodiar i norsk språkdrakt, konsertar fulle av kollektivt liv og leik i eit velspelande ensemble fører til øyreopnande opplevingar langt utover den hardbarka jazz-lyttarkrinsen, og me har nådd ut til begeistra publikum over heile landet frå intime kafear til konserthus og store festivalar gjennom utstrakt turnéverksemd.
Sigurd R. Tunestveit - vokal og gjendikting
Erling Skorpen - trompet
Kjetil Jerve - piano
Stian Andersen - bass
Tore Flatjord - trommer
Konsertstart kl 19.00
Billett 150/300 (student/ordinær)
Advertisement

Event venue

JURET på Kunstnernes hus, Wergelandsveien 17, 0167 Oslo, Norge, Oslo, Norway

Tickets
Concerts, fests, parties, meetups — all the happenings, one place.

Discover more events by tag

Ask AI if this event suits you

Keep the plans coming

More events in Oslo

Oslo is happening.

See everything else that’s on — concerts, markets, comedy and more.