#StayHappening
Wed Nov 25 2026 at 07:00 pm to 11:55 pm UTC+01:00

Arne Hjeltnes og Roger A. Ivin: STÅBASS OG HEIMELAGA LYRIKK // Onsdag 25. november

  • Fabrikken Kulturscene · Ålesund
Fabrikken Kulturscene Publisher / Host Fabrikken Kulturscene
Share
Arne Hjeltnes og Roger A. Ivin: ST\u00c5BASS OG HEIMELAGA LYRIKK \/\/ Onsdag 25. november
Advertisement
Kva skjer når du set Arne Hjeltnes sine skråblikk, historier og heimelaga lyrikk saman med ein kontrabass og ein særs musikalsk sogning? Det blir både morosamt, varmt og ganske sikkert litt uforutsigbart.
Arne Hjeltnes treng knapt nokon introduksjon. Gjennom mange år har han vore programleiar, forfattar, næringslivsmann og formidlar – alltid med den lune humoren og det skarpe blikket for folk, kvardagsliv og dei små absurditetane rundt oss.
Med seg til Fabrikken har han Roger Allan Ivin , ein svært erfaren musikar med ei imponerande merittliste. Roger er blant anna fast musikar saman med Heine Totland og tidlegare bassist i Trang Fødsel. Denne kvelden kjem han med sin akustiske kontrabass, Charlene Chadwick.
Det har vore sagt at Roger er ei krysning mellom Heine Totland og Arne Hjeltnes. Det lovar i grunnen godt.
Arne og Roger har gjort mykje moro saman, og kombinasjonen av kontrabass, lyrikk, historier og lun humor har vist seg å fungere forbausande godt. Begge kan halde eit publikum i ånde kvar for seg. Denne kvelden får du begge to – på nært hald i Bar Bakke.
Velkommen til ein uhøgtideleg og underhaldande time med musikk, dikt, historier og to karar som trivst svært godt i kvarandre sitt selskap.
Sted: Bar Bakke, Fabrikken Kulturscene
Dørene opnar kl. 19.00
Forestilling kl. 20.00
Advertisement

Event venue

Fabrikken Kulturscene, Molovegen 22, 6004 Ålesund, Norge, Ålesund, Norway

Tickets
Concerts, fests, parties, meetups — all the happenings, one place.

Discover more events by tag

Ask AI if this event suits you

Keep the plans coming

More events in Ålesund

Ålesund is happening.

See everything else that’s on — concerts, markets, comedy and more.