#StayHappening
Wed Nov 11 2026 at 07:00 pm to 09:00 pm UTC+01:00

"Jeg blir til meg i møte med deg"

  • Rennesøygata 15, 4014 Stavanger, Norge · Stavanger
Emmaus Frivilligsentral Publisher / Host Emmaus Frivilligsentral
Share
"Jeg blir til meg i m\u00f8te med deg"
Advertisement
«Jeg blir til meg i møte med deg».
Til deg som er frivillig, eller ynskjer å bli frivillig ein eller annan stad; sett av kvelden 11.11.2026 klokka 19.00 og kom på ei samling me vonar vil gje deg inspirasjon og fellesskap med andre.
I bydelen vår er det veldig mange som utfører frivillig arbeid på mange ulike måtar. Organisasjonane på Storhaug vil denne kvelden skape ei stund der du skal få, og ikkje bidra slik du pleier.
Me er så heldig at me har fått med oss tidlegare styreleiar i Brodd fotball, noverande biskop Tor Magne Nesvik . Han har gjennom mange år vore aktiv som frivillig i Brodd fotball og sa fylgjande til Storhaugavisa tidlegare at den viktigaste erfaringa han hadde med seg frå dette arbeidet til ny rolle som biskop var:
«At åpne, rause fellesskap er samfunnets aller viktigste ressurs. -Vi trenger møteplasser med rom for alle! Da får vi det bedre, både hver og en av oss og som storsamfunn!»
For at opne, rause fellesskap skal vere treng me frivillige og engasjerte personar. Me vil gjerne møte og takke dykk. Me vil og møte deg som ynskjer å bli frivillig. Difor er du hjarteleg velkomen til denne samlinga!
Det vert musikalsk innslag og kaffi/te. Og mange flotte folk som kjem!
Velkomen til Leirvigskvartalet i Rennesøygata 15 11.11 klokka 19.00!
Advertisement

Event venue

Rennesøygata 15, 4014 Stavanger, Norge, Rennesøygata 15, 4014 Stavanger, Norge, Stavanger, Norway

Tickets
Concerts, fests, parties, meetups — all the happenings, one place.

Discover more events by tag

Ask AI if this event suits you

Keep the plans coming

More events in Stavanger

Gnu-jam #4

Wed, 11 Nov at 08:00 pm Nedre Strandgate, 4005 Stavanger, Norge

Stavanger is happening.

See everything else that’s on — concerts, markets, comedy and more.