#StayHappening
Fri Nov 06 2026 at 07:30 pm to 09:00 pm UTC+01:00

Amerikabreva

  • Sentralen · Oslo
Oda Alis\u00f8y - Scenekunstnar Publisher / Host Oda Alisøy - Scenekunstnar
Share
Amerikabreva
Advertisement
AMERIKABREVA startar som eit foredrag om unge kvinner som reiste frå Noreg til Amerika.
Når ein Amerikakoffert dukkar opp, vert forteljinga meir personleg: ein koffert, nokre brev, ei røyst som byrjar fortelje.
Oda sine eigne slektsminne viklar seg saman med historia om dei mange kvinnene som kryssa havet – og som med mot, lengt og draumar skreiv seg inn i utvandringshistoria. Framsyninga speglar òg vår tid, der menneske framleis må bryte opp og søkje nye heimar. Amerikabreva er eit nyskrive musikkteater i krysspunktet mellom dokumentar og fiksjon, der levande forteljing, musikk og scenisk leik blir brukt til å løfte fram kvinner sine utvandringshistorier frå Noreg til Amerika.
No kjem endeleg framsyninga til Oslo og Sentralen!
Vi syner Amerikabreva heile tre gonger i hovudstaden:
Fredag 06.November kl. 19.30
Laurdag 07. November kl. 14.00 og kl. 18.00
MEDVERKANDE:
Oda Alisøy – medskapande skodespelar og produsent
Lene Therese Teigen – dramatikar og regissør
Kjetil Alisøy Søvig – komponist og musikar
Ada Hesjevoll - rekvisitør
Foto: David Zadig

AMERIKABREVA vart laga på bestilling frå Vestland Fylkeskommune som del av markeringa av 200-årsjubileet for den organiserte utvandringa frå Noreg.
Framsyninga er produsert i samarbeid med Teater Vestland og hadde urpremiere i Førde 27.September 2025 før den var på turnè i DKS og DKSS i Vestland Fylke.
Amerikabreva er støtta av Vestland Fylkeskommune, Fond for Utøvende Kunstnere, Fritt Ord, PreForm og Fond for Frilansere.
Advertisement

Event venue

Sentralen, Øvre Slottsgate 3, 0157 Oslo, Norge, Oslo, Norway

Tickets
Concerts, fests, parties, meetups — all the happenings, one place.

Discover more events by tag

Ask AI if this event suits you

Keep the plans coming

More events in Oslo

Sandins

Fri, 06 Nov at 08:00 pm Grorud Samfunnshus SA

Oslo is happening.

See everything else that’s on — concerts, markets, comedy and more.