Stor seminarhelg for folkemusikk og folkedans i Oslo

Sat, 07 Mar, 2026 at 10:00 am to Sun, 08 Mar, 2026 at 04:00 pm UTC+01:00

Riksscenen | Oslo

Noregs Ungdomslag
Publisher/HostNoregs Ungdomslag
Stor seminarhelg for folkemusikk og folkedans i Oslo
Advertisement
Hald av 7.-8. mars 2026, for då slår FolkOrg og Noregs Ungdomslag (NU) seg saman om ei stor folkemusikk- og folkedanshelg i Oslo!
FolkOrg skal ha sitt årlege DOMMARSEMINAR og Noregs Ungdomslag skal ha eit av sine INSTRUKTØRKURS. Dette skal foregå parallelt i Oslo, og du kan melde deg på det seminaret du er mest interessert i. Det vil diverre ikkje bli mogleg å vere med på fleire seminar samtidig.
Riksscenen legg også til rette for gode kveldsarrangement denne helga:
🎻 Fredag 6. mars: Konsert, plateslepp og dans med ISTEM, tingingsverk til Telemarkfestivalen laga av Vegar Vårdal.
🕺🏼 Laurdag 7. mars: Dansefest med Over stok og steen, 3-B og Buss for tog.
Eigen billett kjøper du direkte via Riksscenen.
Vi håpar å sjå deg i Oslo denne helga - følg med for meir informasjon. Påmelding til alle seminar opnar på nyåret.
--
📍 DOMMARSEMINAR MED FOLKORG
Laurdag kl. 11-17 og sundag kl.10–14.
Ein viktig del av FolkOrg sitt arbeid lokalt og sentralt er å arrangere kappleikar i spel, dans og song. Dommargjerninga er eit tillitsverv og det er viktig å ha dommarar som er kompetente og kunnskapsrike. For at ein skal få fleire til å takke ja til å vera dommarar er det svært viktig å ha eit fagtilbod for dommarane der ein samlar breidda i feltet, både sjangermessig og geografisk.
Det vert tre parallelle seminar i spel, dans og song. Prøvedømming, diskusjonar og refleksjon etter dømming vil og vere ein stor del av seminara.
Les meir: https://www.folkorg.no/nyhende/nyhende/2025-12-17-seminarhelg-7.-8.mars-2026

📍 INSTRUKTØRKURS BYGDEDANS MED NOREGS UNGDOMSLAG
Laurdag og sundag kl. 10-16.
På dette instruktørkurset tek vi for oss dei eldste dansetradisjonane i Noreg (bygdedans). Du får lære verktøy for korleis du kan lære vekk bygdedans til barn, ungdom og vaksne. Vi tek for oss element som takt og rytme, form, samdans og kva som skil dei ulike bygdedanstypane frå kvarandre. Vegar tilpassar kursinnhaldet til dei bygdedansformene som deltakarane ønskjer å ta tak i. Alle metodane og verktøya du lærer vil du kunne overføre til andre type dansar når du sjølv skal lære vekk bygdedans eller anna type folkedans. Vi vil jobbe med korleis kvar enkelt kan finne sin eigen måte å undervise i dansar som mange andre har undervist i før deg.
Kurset er praktisk og det vil bli vektlagt mykje dansing undervegs. Kurset vil ha fokus på metodikk framfor å lære nye dansar, så det er ein føresetnad at du har dansa ein del før.
Det blir også rom for erfaringsdeling, utprøving og refleksjonar.
Instruktør: Vegar Vårdal + musikar Olav Christer Rossebø.
Les meir: https://www.ungdomslag.no/arrangement/stor-kurssamling-i-oslo
Påmeldingsfrist 19. februar via dette skjema: https://event.checkin.no/216522/instruktoerkurs-bygdedans-folkedans
Følg med i kanalane til kvar enkelt organisasjon for oppdatering om påmelding og meir info om kvart seminar. Påmelding vil opne over nyttår 2026.
Advertisement

Event Venue & Nearby Stays

Riksscenen, Herslebs gate 2A, 0561 Oslo, Norge, Oslo, Norway

Tickets
Icon
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.

Discover more events by tags:

Workshops in OsloConcerts in Oslo

Ask AI if this event suits you:

More Events in Oslo

Chartra 77 & Bonta (UTSOLGT!)
Fri, 06 Mar at 08:00 pm Chartra 77 & Bonta (UTSOLGT!)

Vålerenggata5, Oslo

Eva Weel Skram in Oslo
Fri, 06 Mar at 08:00 pm Eva Weel Skram in Oslo

Parkteatret Scene

Fragments pres. Rene Wise (UK) \/ THE VILLA
Fri, 06 Mar at 11:00 pm Fragments pres. Rene Wise (UK) / THE VILLA

THE VILLA

Kaffe og et kunstverk: \u00abTett p\u00e5\u00bb
Sat, 07 Mar at 10:30 am Kaffe og et kunstverk: «Tett på»

Nasjonalmuseet

Grunnkurs i surdeigsbaking med Ida Julie M\u00f8rk Albertsen
Sat, 07 Mar at 11:00 am Grunnkurs i surdeigsbaking med Ida Julie Mørk Albertsen

Fossumveien 81, Øvre Fossum Gård Låven , 0982 Oslo, Norway

Sabor Cubano med Mario Acea
Sat, 07 Mar at 11:00 am Sabor Cubano med Mario Acea

Studio Orient

Syng med p\u00e5 Mozarts Requiem!
Sat, 07 Mar at 12:00 pm Syng med på Mozarts Requiem!

Oslo Konserthus

Riti Ritimo - familiekonsert
Sat, 07 Mar at 01:00 pm Riti Ritimo - familiekonsert

Homlia Senter vei 9, 1255 Oslo, Norway

P\u00e5 Dansefot Cruise
Sat, 07 Mar at 02:00 pm På Dansefot Cruise

M/S Color Magic

Oslo is Happening!

Never miss your favorite happenings again!

Explore Oslo Events