Advertisement
Kva skal til for å gjere Møre Støyperi til ein levande og relevant møteplass?No inviterer vi til ope møte der du kan vere med og påverke framtida til Møre Støyperi. Vi ønskjer dine innspel! Driv du ei lokal foreining, er du kunstnar, arrangør – eller berre ein heilt vanleg sunnmøring?
Arrangementet startar med årsmøte, før det opne møtet for alle interesserte.
På møtet vil vi samle behov og idéar i sanntid gjennom ei enkel digital løysing (Mentimeter). Det handlar om alt frå:
– konsert- og scenebruk
– workshop og verkstad
– artistresidens
– kontor, lager og arbeidsplassar
– kva rolle Møre Støyperi bør ha i lokalsamfunnet
Vårt formål er å fremje kulturlivet i Volda og regionen gjennom å spele på lag med eksisterande aktivitetar, ta initiativ til nye aktivitetar og skape relasjonar mellom ulike aktørar.
Du treng ikkje førebu noko – berre møt opp og sei di meining.
📍 Stad: Studenthuset Rokken (galleriet i storsalen)
🕒 Tid: 11.04.26 kl. 16.00–17.30
🎟️ Gratis og ope for alle
Etter møtet blir det ein rundtur opp på Støyperiet. Velkomen til å vere med og forme Støyperiet!
Advertisement
Event Venue
Studenthuset Rokken, Industrigata 12, 6100 Volda, Norge, Volda, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.








