Advertisement
I høve 150-årsdagen til forfattaren Olav Duun inviterer vi til eit stemningsfullt og innhaldsrikt arrangement som heidrar arven etter ein av dei mest markante stemmene i norsk litteratur. Kvelden byr på ei reise gjennom Duun sitt liv, i tillegg til den store forfattarskapen og rolla hans i kultur- og litteraturhistoria. Denne kvelden får du føredrag ved Grethe Fatima Syéd og høgtlesing av eit utval av Duun sine tekstar ved skodespelar Anderz Eide.
Syéd tek oss med inn i temaa og tankane som prega Duun sine verk – frå dei store forteljingane om menneskesinnet, til dei levande skildringane av kystsamfunnet han vaks opp i. Føredraget skildrar aktualiteten i Duun sin forfattarskap i dag, 150 år etter han blei fødd.
Eide vil lese utdrag frå utvalde tekstar. Med varme og nærleik blir publikum invitert til å oppleve Duun sitt språk og univers slik det kling når det blir lese høgt.
Arrangementet passar både dei som kjenner Olav Duun godt frå før og dei som ønskjer å bli betre kjend med forfattaren.
Vel møtt til ei feiring av ordkunst og ettertanke – og av Olav Duun, 150 år.
Advertisement
Event Venue
Indrehovdevegen 176, 6160 Hovdebygda, Norway, Indrehovdevegen 176, 6160 Hovdebygda, Norge, Volda, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.





