Advertisement
Velkomen til ein stemningsfull vårkonsert i Sogndal kulturhus!Sogndal Musikklag får denne kvelden gleda av å dele scena med gode korpsvener frå Førde Musikklag og Gloppen Janitsjar, og saman inviterer dei til ein fin kveld fylt med spelglede, samhald og ekte korpsmusikk.
Publikum kan gle seg til eit variert og engasjerande program med alt frå tradisjonsrike marsjar og flotte solistinnslag, til lettare underhaldningsmusikk – noko for ein kvar smak. Dette vert ein konsert som markerer våren, fellesskapen og musikken si evne til å samle folk på tvers av alder og bakgrunn.
Konserten passar for heile familien, enten du er ein trufast korpsentusiast eller berre har lyst på ei hyggeleg kulturoppleving ein laurdagskveld.
Me gler oss til å ønskje deg velkomen til ein musikalsk vårkveld saman med Sogndal Musikklag og vener.
Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Laurdag 25. april kl. 18:00.
Billettpris:
Ordinær: kr 200,-
Born under 16 år: gratis.
Ledsagerbevis/Følgjekort: kr 0,- (NB! Ledsagarbevis/følgjekort skal visast i døra).
Advertisement
Event Venue
Hovevegen 2, 6856 Sogndal, Norway, Hovevegen 2, 6856 Sogndalsfjøra, Norge, Førde, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.










