Advertisement
Frå Genesis til Exit
Kva skjer når historia møter russ, kaos og eit snev av frelse?
I årets russerevy tek elevane ved Førde VGS deg med på ei reise frå Genesis til Exit- frå skapelse til slutt. Gjennom tid, tull og total forvirring følgjer vi eit univers i stadig utvikling, der alt kan skje.
Ein historikar prøvar å forstå seg på det som utspelar seg, og tek publikum gjennom reisa. Der lærarar, russ og merkelege hendingar flettar seg saman. Han prøver å skape ei meining i det som skjer, men etter kvart som reisa utviklar seg, blir det stadig vanskelegare å halde oversikta.
Undervegs møter du alt frå kreative klasserom til meir eksistensielle spørsmål om kva som eigentleg skjer når alt nærmar seg slutten. Det blir dans, musikk og videoinnslag som driv historia fram og gir ei variert og energisk oppleving.
Revyen vil by på både latter, kaos og augeblink som kanskje treff litt nærare enn du hadde venta. Spesielt om du er ansatt på Førde VGS....
Velkommen til ein kveld der du får vere med frå byrjing til slutt, og oppleve alt som skjer imellom.
Vi gler oss.
Advertisement
Event Venue
Angedalsvegen 5, 6800 Førde, Norway, Angedalsvegen 5, 6809 Førde, Norge, Førde, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.





