Advertisement
Smaking av portugisisk vinPortugal er i dag eitt av dei mest spennande og dynamiske vinlanda i verda. Ein ny generasjon vinmakarar kombinerer stolte tradisjonar med moderne tankegang – og resultatet er vin med både kvalitet og identitet som kan konkurrere med dei mest kjende vinane frå andre vinregionar.
På denne smakinga får du bli kjent med både kvite og raude vinar frå nokre av dei mest interessante produsentane i Portugal. Dette er vinmakarar som verkeleg er med på å forme framtida til portugisisk vin.
Vi smakar vin frå vulkansk jordsmonn, vin laga etter tradisjonar som har stått seg i hundrevis av år, og moderne vinar som kan bli ei skikkeleg oppdaging.
Dette er ei sjeldan moglegheit til å utforske både mangfaldet og framtida til portugisisk vin – i godt lag og avslappa stemning.
Det blir servert enkle tapas undervegs.
Varigheit: ca. 2 timar
Stad: Næringsfabrikken
Pris: 950 kr
Tal på plassar: 24
Påmelding via Vipps: 41197
Velkomen til ein inspirerande kveld med Portugal i glaset!
Advertisement
Event Venue
Sykkylvsvegen 125, 6230 Sykkylven, Norway, Sykkylvsvegen 125, 6230 Fauske, Norge, Aalesund, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.










