Advertisement
Kort innleiing til filmen ved Birgit Oline Kjerstad, som medverkar i filmen som frontfigur i kampen mot vindkraftutbygginga på Haramsøya.Ho vart brått landskjend som talskvinne for øya og naturen, og stod i sitt livs største kamp gjennom både nedbyggingssaka og den påfølgjande rettssaka. Det førte henne også inn i rikspolitikken, som stortingsrepresentant for SV i perioden 2019-2023.
Ein kritisk og visuelt slåande dokumentar om prisen for den grøne kapitalismen.
Det er bred einigheit om nødvendigheita av å byte ut fossile energikilder med fornybare alternativer. Dei konkrete tiltaka for å produsere fornybar energi er imidlertid langt meir kontroversielle, særleg når dei går direkte utover vakker natur, uerstattelig matjord og menneskers livskvalitet. I dokumentaren Vi som solgte landet møter vi mennesker som opplever at naturen rundt dei blir rasert som ein følge av det grønne skiftet – og som ikkje blir hørd når dei protesterer mot destruktive inngrep i liva og nærmiljøa deira.
Med sin nye film retter Kieran Kolle eit kritisk blikk mot praksisen med å avfeie motstand mot grøne energiprosjekter som bakstreversk og suspekt. Vi får møte mennesker som opplever å verte fullstendig overkjørd i bærekraftas namn, og som ein konsekvens av dette har mistet tillit til demokratiet. Med slåande bilete av vakker norsk natur og møter med mennesker som forsøkjer å forhindre at heimstadane deira vert øydelagd, skildrar Vi som solgte landet korleis den grøne kapitalismen bidreg til å splitte lokalsamfunn og skape ein vaksande motstand mot klimasaken. Dette er ein film som passar perfekt for å starte diskusjonar – om eit tema mange kvier seg for å snakke om.
Advertisement
Event Venue
Holmegata 7, 6150 Ørsta, Norway, Holmegata 7, 6153 Ørsta, Norge, Volda, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.








