Advertisement
Hjarteleg velkomen til BINGO på Tredet!Etter fleire år pause, arrangerast det endeleg bingo igjen her på Tredet. Ein perfekt start på påska?
Ta med deg familie, naboen, kollegaen og vener, dette blir kjekt!
Bordreservering i forkant anbefalast!
Ta kontakt på Messenger eller ring oss i opningstidene våra på nummeret: 919 24 391
Kjøkkenet stenger kl. 20:00 når Bingoen startar. Anbefalar å vere tidleg ute om ein skal ete mat.
Erik og «Tause Trude» er tilbake på kjente trakter, og styrar arrangementet med god rutine.
Med snart 10 års erfaring, veit me at me er i trygge hender. Dei blandar seriøsiteten med spissfindige og tidvis fantastisk elendig humor. Noko for ein kvar smak.
Erik sveivar hjulet og les tala, samt utlevera funfact`s du ikkje visste at du ville vite. Trude har kontroll på ballane, premiane og generelt at alt går rett føre seg.
Bingo er spelet som passar for alle. Alle har like føresetnadar for å vinne. Og me garanterar god stemning, spaning og ein god dose humor.
Ein bong har 4 ark. Det spelast 2 ark før/etter pause. Til slutt avsluttast det heile med «Rask Røvar».Spesialspel som Hjørne, Sprang og Trippel kan førekome, om stemninga tillet dette.
Totalt vert det delt ut minimum 15 varierte premiar denne kvelden. Hovudpremien er sjølvsagt ekstra stas å ta med seg heim.
Bingoen startar presis 20.00, og varar til om lag 22.30
Bongar seljast frå ca klokka 19.15
Pris pr Bong: 150,- (kan kjøpe fleire for å auke vinnarsjansane)
Rask Røvar kostar 50,- (kan kjøpe fleire)
18 års grense.
Me sjåast på Tredet ❤
Advertisement
Event Venue
Tredet, Halkjelsgata 8,Volda, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.






