Advertisement
PANGSTART PÅ TIK-PÅSKA 2026💥Det blir endeleg eit gjenhøyr med denne dynamiske duoen 🎧🎷
Vincent og Mounir reiser til svalbard i mai, så dei har bedt om å få teste ut sitt nye show for publikum i Ørsta sjølvaste Skjærtorsdag.
SJØLVSAGT sa vi ja🤩
Det er inga tilfeldegheit, då det var i Ørsta at dette fantastiske samarbeidet starta! Fyste gongen dei spelte saman på TIK, var 2. desember 2023!
Du kan forvente ein herleg kombinasjon av gode dance-låtar, nye remiksar og magisk saksofonspeling!
Om dette er fyste gongen du høyrer om duoen......
- Vincent er ein lidenskapleg saksofonspelar som er kjend for sin ekspertise innanfor sjangrane house, dance og elektronisk musikk. Han reiser rundt på ulike oppdrag både i Noreg og i utlandet og er kjend for å alltid levere god stemning og magisk saksofonimprovisasjon som gir nytt liv til musikk.
- Mounir er eit kjend namn på DJ-fronten, og han leverer alltid varene. I 2023 kom han ut av ein 9-årig lang dvale, og har sidan hatt eit realt comeback!
I 2026 skal dei nok ein gong vere hovudunderhaldninga under Toppturfestivalen på Svalbard, for tredje året på rad!
Du får delta på førpremieren, men berre om du kjøper billett🥳
Saman er dei dynamitt!
Billettar vil vere tilgjengelege snart, så hald augo opne for meir informasjon.
Dette er ein kveld du IKKJE vil gå glipp av!
VELKOMEN!
Artistane går på scena rundt kl. 23:00.
20 års aldersgrense
Advertisement
Event Venue
Vikegata 11, 6155, Vikegata 11, 6150 Ørsta, Norge, Volda, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.






